Hopp til innhold

Stoppar planane om asylmottak

Det blir ikkje asylmottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar i Jølster kommune i januar.

Det tidlegare HV10-anlegget på skei som skal bli livsmeistringssenter.

BLIR IKKJE MOTTAK: Norsk Mottaksdrift ville bruke det tidlegare HV-10-bygget på Skei i Jølster som asylmottak for 25 mindreårige mellom 15 og 18 år.

Foto: NRK

– Det er ein formalfeil i UDI sitt konkurransegrunnlag. Difor avlyser vi konkurransen, seier regiondirektør i UDI, Atle Berge til NRK.

Norsk Mottaksdrift ønskjer å bruke det tidlegare HV-10-bygget på Skei i Jølster som asylmottak for 25 einslege, mindreårige mellom 15 og 18 år. Jølstringen Steinar Dvergsdal disponerer bygget og Norsk Mottaksdrift har inngått ein intensjonsavtale med han.

Frå før har Jølster kommune eit asylmottak på Vassenden med nærare 100 bebuarar. Det blir drive av Norsk Folkehjelp.

Vil vurdere behovet på nytt

Atle Berge

AVLYSER: Regiondirektør i UDI, Atle Berge, seier det er ein formalfeil som gjer at dei avlyser konkurransen om å få drive asylmottak i Jølster kommune.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Vi kan trygt slå fast at det ikkje blir etablert ei avdeling for einslege, mindreårige på Vestlandet i januar, seier Berge.

UDI skal no gjere ei ny vurdering av behovet for plassar, men Berge kan ikkje seie kva tid eit eventuelt mottak vil kome.

– Det er litt vanskeleg å seie. Per i dag har eg ikkje eit tidsperspektiv, men me vil raskt vurdere behovet, før me eventuelt vil kome med utlysing av ny konkurranse.

– Har behovet endra seg?

– Det er litt tidleg å seie. No har behovet blitt redusert ein del, men det er vel og grunn til å tru at det er behov for fleire plassar, ja.

– Kva tid kjem ei avklaring?

– Vurderinga av om og eventuelt kva tid ny utlysing kjem vil bli gjort umiddelbart, seier regiondirektør Berge.