Stoltenberg er kraftig irritert over at regjeringa ikkje har følgt opp avtalen som vart gjort ved budsjettsamarbeidet i haust.
- Avtalebrot
I går vedtok Hydro å legge ned 800 arbeidsplassar i Årdal, Høyanger, Sunndal og Karmøy. Det fekk Jens Stoltenberg til å skrive eit svært krasst brev til statsminister Kjell Magne Bondevik.
Der minner han om avtalen som vart inngått i fjor haust - der regjeringa forplikta seg til å ta aktivt del i arbeidet for å leggje eit nytt grunnlag for næringsdrift i Årdal og Høyanger.
- Avviser ordførarar
Arbeidarpartiet meiner denne avtalen ikkje er følgt opp, noko Jens Stoltenberg er svært skuffa over.
- Det overraskar meg dessutan at ordførarane i dei aktuelle kommunane ikkje har fått møte nokon frå regjeringa for å diskutere den alvorlege situasjonen som lokalsamfunna står overfor, skriv han i brevet til Bondevik.
Krev handling
Stoltenberg meiner at det no er naudsynt at regjeringa engasjerer seg sterkt for å trygge næringsverksemd i desse lokalsamfunna. Han meiner det bør bli etablert eit nyskapingsprogram for Høyanger og Årdal etter mønster frå Mo i Rana og Kirkenes. Arbeidarpartileiaren meiner mellom anna at staten må syte for at krafta skal nyttast lokalt i framtida, at det blir øyremerkte pengar til næringsutvikling i kommunane, og at det blir lokalisert nye statlege arbeidsplassar der.
Klar til å bryte samarbeid
Han forventar også at det blir fremja tiltak i revidert nasjonalbudsjett som aktivt kan føre til omskaping i Høyanger og Årdal. Han skriv at partiet vil leggje avgjerande vekt på det i eit eventuelt samarbeid med regjeringa om budsjettet.