Hopp til innhold

Stolt, spent og audmjuk banksjef

- Eg er stolt, spent og audmjuk, sa administrerande banksjef Arvid Andenæs på pressekonferansen om den nye storbanken Gjensidige Bank.

Gjensidigesjef Helge Leiro Baastad (t.v.) og Arvid Andenæs då avtalen vart gjort
Foto: NRK / NRK

Andenæs feira gebursdagen sin med å presentere planane for den nye nettbanken som skal ha hovudkontor i Førde. Og konsernsjef Helge Leiro Baastad i Gjensidige la ikkje skjul på at Arvid Andenæs skal ha ein del av æra for dei har valt å satse i Sogn og Fjordane.

- Medan andre konkurrentar flyttar ut av landet for å utvikle seg vidare har vi valt å satse på Sogn og Fjordane, og det er ikkje til å leggje skjul på at leiinga og menneska her i banken har betydd mykje for oss i den vurderinga. Ikkje minst ein offensiv leiar i Arvid Andenes, sa konsernsjef Helge Leiro Baastad på pressekonferansen i det nye hovudkontoret for Gjensidige bank, lokala til Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde. I løpet av fem år skal banken no tilsetje 100 nye personar.

Går mot straumen

På pressekonferanse vart det brukt mange store ord om den nye banken. Ikkje minst det faktum at Gjensidige no går mot straumen og etablerer ein ny nasjonal nettbank med hovudkontor i Sogn og Fjordane. Gjensidige Bank er heileigd av selskapet Gjensidige Holding, der stiftinga Sparebanken Sogn og Fjordane skal eige 10 prosent.

Den nye banken skal vere ein lettbeint bank med moderne teknologi, altså ein nettbank med fleire tilbod til kundane. Forstanderskapen og styret har godkjent planane, og det vert no sendt ein søknad til Finansdepartementet som må godkjenne avtalen mellom dei to partane.

- Vi har brukt tid på å sjekke om planane vil blir godkjente, og vi trur det skal gå bra. Men det veit vi ikkje før vi får klarsignal, sa Arvid Andenæs. Søknaden blir sendt tidleg i mars.

- Får ungdommen heimatt

Avtalen mellom Gjensidige og Sparebanken Sogn og Fjordane er komplisert, men enkelt fortalt betyr samarbeidet at Sparebanken Sogn og Fjordane består som eigen bank med eiga leiing og styre, samstundes som nye Gjensidige bank blir etablert i Førde med eiga leiing og styre.

- Den avgjerande motivasjonen for meg har vore å vere med å utvikle nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane, kompetansearbeidsplassar som kan bety at vi får ungdomen heim igjen til fylket, sa Arvid Andenæs.

Pengar til næringsutvikling

Gjensidige har kjøpt 34 prosent av Sparebanken Sogn og Fjordane, og betalinga på 800-900 millionar kroner skal no brukast til næringsutvikling i fylket. Bak avtalen ligg ein aksjonæravtale som sikrar at hovudkontoret for nye nettbanken blir liggande i Førde.

- Det vi oppnår er å utnytte stabsfunksjonane vi har i Førde på ein betre måte, og den største utfordringa vår no er å skaffe dyktige personar til den nye aksjesparebanken, sa Andenæs.

Arbeidsplassar i heile fylket

Han svarte følgjande på spørsmål om kva som er den største risikoen for Sparebanken Sogn og Fjordane;

- For det første at vi i ein overgangsfase må bruke personar i banken til å utvikle den nye nettbanken, og det vil kunne bety at sparebanken blir skadelidande. For det andre at vi ikkje skal klare å skaffe nok kompetente personar til den nye banken. 100 nye kompetansearbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Rett person til rett plass er utruleg viktig i utviklinga av den nye nettbanken, sa Andenæs. Han la til at konsekvensane for Sparebanken også vil vere at dei må flytte ein god del funksjonar til andre filialar, til dømes Florø. Og fleire stader har Sparebanken og Gjensidige i dag filialar som blir samlokaliserte og som får ein viktig plass i organsiasjonen, sa Andenæs. Han nemnde mellom andre Sandane.

- Dette er ikkje ein Førde-sak, men ein fylkessak, sa Arvid Andenes.

Sparebanken satsar utafor fylket

Han la også til at dei aldri hadde våga å satse på ein ny nasjonal nettbank utan det kundegrunnlaget som Gjensidige har i dag. Ein million forsikringskundar fordelt på 176 kontor over heile landet. Flest kundar har Norges største forsikringsselskap på Vestlandet, og det var også ein av grunnane til å lokalisere det nye hovudkontoret i Førde. Den nye banken skal satse på mange områder, pensjon, vanlege banktenester og ikkje minst eigedomsmekling. Det vil bli bygd opp ei eiga eigedomsavdeling. I tillegg skal banken også satse på bedriftsmarknaden, basert på dei kundane dei har allereie i dag, ikkje minst i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

- Eg er ikkje berre stolt, spent og audmjuk. Eg er ambisiøs og optimist, sa konsernsjef Helge Leiro Baastad i Gjensidige. Han var svært stolt over at selskapet har valt å gå mot straumen og etablere seg i distriktet med hovudkontor i Førde.