Hopp til innhold

Stoggar arbeidet med steinfylling i Jølstravatnet

Arbeidet på fyllinga der ein lastebil hamna i Jølstravatnet blir stogga til Statens vegvesen veit årsaka til uhellet.

Ulukke

I VATNET: Ingen personar kom til skade då ein lastebil hamna i Jølstravatnet.

Foto: TONE LIN STØFRING SKOVRO / NRK

– Vi håpar at vi i løpet av måndagen kjem fram til kva som skjedde, slik at vi eventuelt kan korrigere prosedyrar og halde fram fyllingsarbeidet, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.

Stoggar arbeid

Det var fredag føremiddag at den 17 tonn tunge lastebilen hamna i Jølstravatnet i samband med arbeidet på E39 mellom Skei og Førde . Over helga vil Statens vegvesen setje seg ned med entreprenøren for å finne årsaka.

Svein Reidar Dale

PROSJEKTLEIAR: – Det er ikkje heldig at slikt skjer, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale om uhellet ved E39 i Jølster.

Foto: Statens vegvesen

Arbeidet med fyllinga blir stogga medan hendinga blir undersøkt. Måndag skal Statens vegvesen setje seg ned med entreprenøren, lastebilføraren og gravemaskinføraren, som også var på staden.

– Det ser ut som at massen som ligg der har gitt etter når bilen tippa eit nytt lass. Karmen var oppe og så gav det etter. Bilen seig dermed ut i vatnet, sa Dale tidlegare fredag.

Får ulukker friskt i minne

Det er brådjupt der uhellet skjedde, og Dale seier at føraren har vore heldig. Føraren kom frå den dramatiske opplevinga utan skader. Han tok seg ut av lastebilen med eiga hjelp.

– Han var litt skjelven med det same, men elles gjekk det fint med han. Han var glad for at førarhytta var over vatnet, seier Dale.

Han vedgår at anleggsulukker kjem friskt minne ved slike hendingar. I 2012 omkom ein 20-åring av skadane etter at ein dumper hamna i ei elv på Filefjell. Nokre få månader seinare omkom ein mann i 20-åra i ei dumparulukke på Dalsfjordsambandet.

– Det er alltid risiko når ein jobbar med fylling i vatn, men vi har teke gode forholdsreglar til korleis ein skal gjere slikt arbeid. Ein skal tippe på land og legge massane ut, seier han og legg til:

– Difor er det viktig for oss å gå gjennom og kartlegge akkurat kva som skjedde, så vi veit årsaka og eventuelt får korrigert.