– Føraren kom seg ut av bilen på eiga hand og det står godt til med han. Det er ikkje snakk om personskade, og han er teken godt vare på, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.
– Dramatisk for sjåføren
Uhellet skjedde ved Juklestad mellom Årdal og Skei under arbeid med å fylle ut masser i vatnet i samband med bygging av ny E39.
– Det ser ut som at massen som ligg der har gitt etter når bilen tippa eit nytt lass. Karmen var oppe og så gav det etter. Bilen seig dermed ut i vatnet.
– Kor dramatisk var dette?
– Det er jo ei dramatisk oppleving, spesielt for føraren. Men heldigvis kom ikkje førarhuset under vatn, så etter forholda står det bra til.
Det er brådjupt i vatnet der uhellet skjedde, og Dale vedgår at sjåføraren har vore heldig. Han kom seg ut av lastebilen med eiga hjelp.
Vegarbeidet er stoppa
No blir arbeidet med fyllinga mellombels stoppa.
– Vi må kartleggje korleis vi skal handtere saka vidare når det gjeld tryggleiken.
To bergingsbilar er no på staden for å dra bilen opp av vatnet. I tillegg er det ein båt på vatnet som hjelper til med sikringa. Ei utfordring vert få justert karmen tilbake mot normal stilling før dei kan dra bilen opp av vatnet.
E39 er stengd
Vegen var stengd ein periode etter uhellet, men er no open for manuell dirigering. Arbeidet med bilberginga vil truleg pågå til kl 14:30.
– Bilistane må nok rekne med litt ekstra venting i samband med berginga, seier Dale.