NRK Meny

Stilte med to mann på stafetten

Gjøran Tefre gjekk Førde rett i tet på dagens NM-stafett og sende Torstein Bu ut på 16. plass. Dermed var stafetten over for Førde sin del, som ikkje hadde ein løpar på tredje etappe. – Eg har vore skadd ein periode og eg kjende i dag tidleg at kroppen ikkje var klar for løpet. Difor måtte eg stå over, seier Ole Martin Erdal, som skulle vore ankermann. I dameklassa vart Førde nummer 45.