Hopp til innhold

No gjev Sandra full støtte til attval av Liv Signe

Senterungdomsleiar Sandra Borch stiller seg no 100 prosent bak attval av Liv Signe Navarsete som leiar for Senterpartiet også i 2013.

sandra borch

STRIDBARE KVINNER: Sandra Borch og Liv Signe Navarsete prøver no å leggje den openlyse konflikta bak seg.

Foto: NRK

Etter den opprivande striden dei siste dagane som enda med forsoning og tårer i sentralstyret, går no den utskjelte ungdomspartileiaren ut og gjev si fulle støtte til Navarsete.

– Eg støtta hennar kandidatur i vår, og eg kjem også til å støtte det vidare. Eg trur ho også sit som leiar i 2013, seier Borch til NRK.

Gjentok orsakinga

Striden starta då eit brev frå Senterungdomen vart lekka til media. I brevet vart det synt til ein heftig krangel mellom Sandra Borch og Liv Signe Navarsete under eit politisk møte på Dyrøy i Troms. Navarsete skjelte ut Borch sidan ho har gjeve si støtte til Ola Borten Moe som ny partileiar.

Liv Signe Navarsete og Ola Borten Moe

STRIDENS KJERNE: Ola Borten Moe er nestleiar i Senterpartiet, men sterke krefter i kulissane ønskjer han inn som ny partileiar.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Men no skal krigsøksene i partiet gravast ned, i alle fall fram til etter valet neste år. Det meiner no både Liv Signe Navarsete, Sandra Borch og Ola Borten Moe. Navarsete får og støtte frå ei rekkje lokallagsleiarar rundt om i landet.

– Leiaren har gjeve ei orsaking heilt utan atterhald, sa Navarsete etter Senterpartiet sitt sentralstyremøte tysdag denne veka.

– Godt forhold no

Det same sa ho og til NRK då vi møtte ho heime i Lærdal søndag kveld. Ein hardt pressa partileiar måtte innrømme at ho hadde overreagert. No vonar Sandra Borch at striden kan leggjast daud.

– Eg og Liv Signe har eit veldig godt forhold no, vi fekk rydda opp. Det var harde diskusjonar og også tårar kan eg innrømme, seier Borch no.

– Kvifor blei det tårar?

– Fordi det har vore mykje i media om det og det er ei tøff sak også å snakke openlyst om det i sentralstyret.

Ikkje budd på presset

Leiaren for Senterungdomen innrømmer at ho ikkje var budd på det enorme mediepresset ho og partiet har opplevd dei siste dagane.

– Det var eg ikkje budd på i det heile teke. Dei siste fem dagane har vore ganske tøffe og lærerike, men mest tøffe å gå gjennom. Det er media overalt og det trur eg ikkje ein kan beskrive før ein har følt det på kroppen, seier Borch.

– Det som blei sagt har vi teke internt i Senterpartiet sitt sentralstyre, og Liv Signe har sagt at ho overreagerte på eit utspel om at eg har sagt at Ola skal bli leiar. Eg har sagt at han skal bli leiar, men ikkje i 2013. Eg trur det kjem til å skje ein gong i framtida og det er stor skilnad på det, sler ho fast.