Hopp til innhold

Navarsete kan miste Stortingsplassen

I ei meiningsmåling Bergens Tidende har gjort, får Senterpartiet so låge tal i Sogn og Fjordane at Liv Signe Navarsete kanskje ikkje ville fått plass på tinget etter valet neste haust.

Navarsete og Borch

SKVÆRA OPP: No har Sandra Borch (t.v.) og Liv Signe Navarsete skværa opp, men bråket kan ha kosta dyrt.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Bergensavisa kan presentere målinga som syner at berre 13,1 prosent i Sogn og Fjordane ville stemt på Senterpartiet om det var val i dag. Med eit slikt resultat kan Sp-leiaren ryka ut av Stortinget.

Liv Signe Navarsete har vore i hardt vêr sidan førre veke, då det kom fram at ho hadde skjelt ut Senterungdomsleiar Sandra Borch. Det har også kome fram at forholdet hennar til nestleiar Ola Borten Moe er heller kjølig.

Slik målingane er i dag, kan Navarsete enda opp med å måtte forlata Stortinget neste haust.

13,1 prosent er ein tilbakegang på 0,5 prosentpoeng sidan mars 2012. Årsaka til at Navarsete er ut av Stortinget – trass i at Senterpartiet er det tredje største partiet i fylket – er at Sogn og Fjordane har mista eit distriktsmandat sidan førre val.

Senterpartiet er dermed avhengige av eit usikkert utjamningsmandat for å sikre Navarsete attval til Stortinget.

På den same målinga går Høgre opp heile 11,6 prosentpoeng frå mars 2012 og er på heile 32,7 prosent oppslutning. Arbeiderpartiet går ned 4,1 prosentpoeng til 27,4.