NRK Meny
Normal

Sterkt frå Domstein i svakt år

Domstein-konsernet la fredag fram svært positive tal for fjerde kvartal av 2006. Men året under eitt viser svake tal.

Domstein
Foto: NRK

Driftsinntektene for konsernet var i perioden vel 720 millionar kroner, det er nær 100 millionar kroner meir enn same periode året før.

Framgangen skuldast høg aktivitet og god drift både for pelagisk fisk og kvitfisk.

Året under eitt er utviklinga derimot negativ. Selskapet hadde eit driftsunderskot på 8,3 millionar kroner mot eit driftsoverskot på 14,8 milioner kroner i 2005.

- Vi opplever sterk etterspurnad etter fisk og sjømat i alle marknader, og utviklinga så  langt i 2007 har også vore positiv, seier konsernsjef Rolf Domstein.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.