Hopp til innhold

Stengt på grunn av snøras

Fylkesveg 614 vert ikkje opna igjen i dag etter at det har gått eit snøras på nordsida av Magnhildsskartunnelen.

Snøras i Magnhildskartunnelen

SNØRAS: Det er førebels uvisst når vegen kan opne igjen.

Foto: NRK-tipsar

– Vi fekk melding om raset ca. klokka 16.30, og vi har kalla ut entreprenør som er på veg, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Raset har gått på nordsida av Magnhildsskartunnelen, og skal vera 15 meter breitt og 1,5 meter høgt.

Laster Twitter-innhold

– Vi veit ikkje om det var augevitne til sjølve raset, men vi er blitt kontakta av folk som no står ved raset, seier Molvær.

Molvær seier det snøar tett i området, og det er tung snø som kjem. Dermed er det uvisst når vegen vert opna igjen.

– Vi må no vente til entreprenøren er på plass. Får han lov til å starte rydding i dag går det fort å få rydda raset, seier Molvær.

Alternativt kan dei som skulle køyrt 614 nordover eller er sørover, køyre via Storebru og Hyen.

– Akkurat no vil eg be folk om å vente til vi får tilbakemelding frå entreprenøren, seier Molvær.

Klokka 17.20: Melder Statens vegvesen at vegen ikkje vert opna igjen i dag, og at det vert gjort ei ny vurdering torsdag morgon klokka 0900.

Snøras Magnhilsskartunnelen