Hopp til innhold

Stenger område for hundar

Sunnfjord Hundepark held stengt denne helga på grunn av den mystiske hundesjukdomen som spreier seg i Noreg. Sunnfjord Hundepark er eit privat turområde for hundar. Eigarane held stengt i helga fram til det kjem meir informasjon om korleis sjukdomen smittar. Det er registrert eitt tilfelle i Aurland av sjukdomen.