Hopp til innhold

Stenger grunna streik

12 tilsette ved SpareBank 1 SMN er tatt ut i streik, fire av desse jobbar i Sogn og Fjordane. Det betyr at banken stenger sine to kontor i fylket, som ligg i Førde og Øvre Årdal. I ei pressemelding opplyser banken at streiken også kan føre til at det vil ta lengre tid med behandling av forsikringssaker. 1200 medlemmar i LO Finans vart tatt ut i streik frå klokka 08.00 torsdag morgon etter at brot i forhandlingane med Finans Norge.