Alle flyplassar som Posten nyttar er stengde på grunn av oskeskya etter utbrotet.
Det går ut over leveringa av A-post og «Bedriftspakke Ekspresspakker Over Natten» i heile landet, skriv Posten i ei pressemelding. Denne transporten føregår i hovudsak med fly.
Overført til bil
I natt vart det ikkje sendt A-post frå Sør-Norge til Nord-Norge. Posten har overført store mengder A-post og «Bedriftspakke Ekspress Over Natten» til bil. Desse tiltaka vil vare så lenge det ikkje er mogeleg å nytte fly i Norge.
Lange avstandar gjer at det i ein slik situasjon ikkje er mogeleg å unngå posten blir fosinka.
Slik blir konsekvensane:
- Posten til postnummer 8000 - 8399 og 8600 - 8999 blir ein dag forsinka utlevert.
- Post til postnummer 8400 - 8599 og 9000 - 99999 blir to dager forsinka.
- A-post og Bedriftspakke ekspress fra postnummer 8000 - 8399 og 8600 - 8999 til postnummer 8400 - 8599 og 9000 - 99999 blir forsinka med to dagar.
- Post som er sendt innan Sør-Norge blir ikkje ramma av stenginga.
Posten vurderer fortløpande tiltak om stenginga av flyplassane varer.