Hopp til innhold

Han er stemma bak suksess- programmet

Stemma du høyrer i tv-programmet Oppdrag Sognefjorden er på ekte sognamål. Tru det eller ei, men det er Roger Hilleren frå Oslo som snakkar.

Roger Hilleren snakkar sognamål i Oppdrag Sognefjorden

STEMMA BAK: Roger Hilleren snakkar til vanleg austlandsk, men snakkar ekte sognamål i programmet Oppdrag Sognefjorden.

Kvar søndagskveld kan du sjå blå himmel, høge fjell og djupe fjordar i tv-programmet Oppdrag Sognefjorden på NRK1. Sogn og Fjordane blir vist frå si vakraste side, og programmet blir sjølvsagt fortalt med sognamål.

Du skulle kanskje tru det var stemma til ein vaskekte sogning som leia deg gjennom programmet? Men det er det ikkje. Eigaren av stemma er Roger Hilleren frå Oslo.

Har slekt i Sogn

Det er liten tvil om at Hilleren har taket på sognamålet. Grunnen er dei mange somrane hos slekta i Sogn.

– Dei fleste somrane i barneåra hadde eg på hytta i Sogndalsdalen. Eg hadde stor glede av å herme etter bøndene, sjølv om det tok tid å lære seg dialekta. Eg gav meg ikkje før eg hadde riktig uttale, seier Hilleren.

Både faren og besteforeldra til Hilleren er frå Sogndal.

Fått mange tekstmeldingar

Hilleren fortel han fekk ein telefon frå produsenten av programmet, der dei spurde om han ville ha jobben.

– Dei hadde prøvd eit utal dialekter, men dei følte ikkje det satt skikkeleg. Dei søkte etter ein som kunne snakke som ein sauebonde frå Sogndal, seier Hilleren.

Han fortel at han har fått mange tekstmeldingar frå folk i Sogndal etter programmet.

– Dei seier at det var som om dei skulle gjort det sjølve, seier Hilleren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.