Hopp til innhold

Stem på din favorittfilm

Mange unge har sendt inn filmar til årets Qfilm-konkurranse. Også i år kan du stemme på den filmen du likar aller best.

Qfilm 2011

DEI NOMINERTE: Her der dei ni filmane du kan stemme på. Du kan sjå filmane og finne din favoritt.

Foto: Montasje

Heidi Hygen Skogheim og Mathilde Dahl Igland

QFILM PÅ SANDANE: Heidi Hygen Skogheim og Mathilde Dahl Igland er to av dei som står bak årets Qfilmfestival på Sandane.

Foto: MK - Firda vidaregande skule

Qfilm-festivalen blir arrangert av medieelevar ved Firda vidaregåande skule, og i år feirar dei 10-årsjubileum.

Årets tema er «nordisk» der det vil bli vist nordiske filmar og kortfilmar. Det heile startar søndag 13. november med leikar og kinovisning. Måndag er det Kick off, og sidan går det slag i slag utover veka.

Torsdag kveld blir den raude løparen rulla ut. Då er det nemleg duka for ein gallaaften med prisutdeling til dei unge filmtalenta.

Stem på den du likar best

No kan du vere med og stemme på den du meiner skal vinne «Publikumsprisen 2011». Vinnaren av publikumsprisen stikk av med eit Canon EOS 600 D SLR-kamera.

NB! Det går berre an å stemme éin gong i døgnet per IP-adresse. Du kan stemme til torsdag 17, november klokka 12.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Her kan du sjå alle filmane som kan vinne Publikumsprisen:

1. Ask time lapse

– ein film av Iver Heen Ask.

Video QFILM: Ask - time lapse

2. Drag meg til fjells

– er laga av Anja Egge, Eirik Djupegot, Iver Heen Ask og Kåre Bruvoll Alme.

Video QFILM: Drag meg til fjells

3. Filmtriks

– laga Anders Martin Helle, Nicolai Kortner og Elise B. Hustveit.

Video Filmtriks

4. Frå skog til ved

– ein film laga av Kåre Bruvoll Alme.

Video QFILM: Frå skog til ved

5. Grasstrået

– er laga av Anders Martin Helle.

Video QFILM: Grasstrået

6. Haunted

– ein film av Namitha Hjelle.

Video QFILM: Haunted

7. Skuggeprinsen

– ein film av Thorbjørn Helin, Jon-André Haakvåg, Ingebjørg Mørland,
Bjørnar Hegg-Lunde og Helene Linnéa Kvale.

Video QFILM: Skuggeprinsen

8. Snora

– laga av Sondre Utheim, Eirik Djupegot, Stine Myklebust, Ole Kristian Solheim og Geir Elling Raad.

Video QFILM: Snora

9. The revenge of the driver

– ein film av Kåre Bruvoll Alme, Iver Heen Ask og Eirik Djupegot.

Video The revenge of the driver

Du kan også sjå filmane her:

Ask time lap | Drag meg til fjells | Filmtriks | Frå skog til ved | Grasstrået | Haunted | Skuggeprinsen | Snora | The revenge of the driver