Hopp til innhold

Stem på beste kortfilm

Også i år kan du stemme på den beste kortfilmen i fylket. Lokale filmskaparar kjempar om heider og ære under Q-Film på Sandane.

Q-filmgjengen 2009

Q-filmgjengen 2009

Foto: Q-film

For åttande år på rad arrangerer medielinja ved Firda vidaregåande skule filmfestival.

Festivalen går av stabelen på Sandane neste veke, med den store Q-prisutdelinga som høgdepunkt fredag 20. november.

Fristen for å sende inn var 30. oktober og Q-film har fått inn mange filmar i ulike sjangrar.

Her kan du sjå filmane og stemme på den du likar best.

- Få fram nye filmtalent

NRK Sogn og Fjordane stiller med premie som er eit videokamera til 8000 kroner. Dette vil bli delt ut under gallaen fredag 20. oktober for den filmen som vinn publikumsprisen. Gallaen blir sendt direkte i nett-TV på nettsiden våre.

- Vi engasjerer oss i fimfestivalen fordi vi meiner det er viktig å fremje lokal film og få fram nye talentfulle filmskaparar, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske.

Gler seg

Festivalkomiteen fortel at dei gledar seg veldig til å kome i gang med årets festival der skrekkfilmar stå på programmet .

- Det har vore lange veker med førebuing og jobbing, så no gledar vi oss egentlig berre til neste veke når festivalen startar, seier festivalsjef Thomas Hovlandsvåg.

Festivalen startar med Kickoff på mandagen i kjellaren på Gloppen hotell. Her vil det mellom anna bli visning av dei innsendte kortfilmane.

- Det er berre på kickoff og på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane at ein kan vere med å avgjere kva kortfilm som stikk av med publikumsprisen.

Les meir om festivalen på nettsidene til Q-film .