Hopp til innhold

Skrekkfilmprodusent til Sandane

Produsenten bak skrekkthrilleren "Snarveien", Bjørn Eivind Aarskog, skal lære unge filmspirer om triksa ingen lærte han, under årets Q-filmfestival.

Bjørn Eivind Aarskog

Produsent Bjørn Eivind Aarskog kjem til Sandane.

Rogalendingen er mellom føredragshaldarane som tek turen til Sandane og Q-filmfestivalen som går avstabelen 16. - 20. november. Først og fremst triksa han sjølv kunne tenkt seg å lært då han kom heim frå studier i USA.

- Det handlar om å hoppe i det, filme, klippe saman og å vise det fram. Det handlar om å bygge opp prosjektskildring og pilotar for å overtyde finansielle partnerar om å satse på nett din film, fortel Aarskog.

- Dritkult

Aarskog er til dagen tilsett hjå Exposed Films, og har tidlegare samarbeidd med store namn som Quentin Tarantino og Robert Rodriguez.. Under fagdagen på Sandane vonar han å motivere filmspirer til å satse på filmbransjen.

- Eg tykkjer det er dritkult at ungdomar lagar sin eigen filmfestival. Det er er alfa og omega i høve å byggje nettverk i bransjen, og å pleie det nettverket. Det er viktig at aktørar i bransjen, knyter band til kvarandre, seier Aarskog.

Les også: Har du ein filmskapar i magen?

- Utruleg viktig med festival

Sjølv gjer Aarskog det same når han reiser til den årlege filmfestivalen i Cannes.

- Det er utruleg viktig å reise på slike festivalar for å halde vedlike og å knyte nye kontaktar. Eg hadde ein professor ein gang i California. Han sa noko eg aldri har gløymt; at om ein vil jobbe med film resten av livet, og det er det ein brenn for, så skal du berre ha vener som er opptekne av film. Eg lo då, men ser no at det er mykje i det, seier han.

Viser pilotfilm

For tida er han på ferieøya Tenerife og filmar piloten til ein ny spelefilm "Idyll". Etter planen skal filmen finansierast i løpet av neste år, og spelast inn sommaren 2011. På Sandane får elevane sjå piloten som skal freiste finansielle partnarar.

- Den handlar om to norske turistar som er på stranda og ser båtflyktningar frå Afrika drive i land. Det skjer stadig vekk her nede. Det som er litt spesielt er at skodespelarane sjølve er båtflyktningar, seier han.

Tenkje som målgruppa

Rogalendingen har produsert ei lang rekkje filmar. Mellom andre skrekkthrilleren "Snarveien", som i slutten av juli hadde premiere på norske kinoar. Også han vonar å få noko att frå turen til Gloppen - og framvising av pilotane.

- Sjølvsagt. Då vi spelte inn "Snarveien" spurte eg meg sjølv om eg tenkjer som målgruppa, ungdom i alderen 15-18 år. Korleis kan ein klare å produsere film til 17 millionar kroner utan å vite kva målgruppa tenkjer? Det hadde vore spanande med feedback frå ungdomane på kva dei tykkjer er kult og ikkje, seier Aarskog.

I tillegg vil to representantar frå Vestnorsk filmsenter vere tilstades under festivalen, for å snakke om deira arbeid.