Hopp til innhold

Steinras stengjer vegen til Veitastrond

Eit steinras gjer at den rasutsette vegen mellom Hafslo og Veitastrond er stengt.

Ras

SISTE: Statens vegvesen melder at det er venta at vegen vil opne klokka 14.

Dermed er den einaste vegen til Veitastrond stengd.

– Det ligg ein svær stein i vegen mellom Soget og Ugulsvik. Steinen kom i løpet av natta. Vegen er heilt stengd, seier Roger Nedberge Hille i Statens vegvesen.

Kjend rasstrekning

I 2011 gjekk eit kjemperas på strekninga mellom Hafslo og Veitastrond. Dei om lag 120 innbyggjarane i Veitastrond var då isolerte i fleire dagar.

– Tiltak har vorte starta på vegen, seier Nedberge Hille.

Statens vegvesen har gjennomført rassikring på strekninga.

– Veitastrondsvegen er kjend for at det har gått ras og kjem til å gå ras, seier Nedberge Hille.

Vert truleg opna i løpet av dagen

Statens vegvesen melder at dei ventar at vegen vil opne i løpet av dagen.

– Området vert vurdert av geolog når det lysnar, seier Nedberge Hille.

Folk vil ha problem med å kome seg til og frå Veitastrond i føremiddag.

– Dersom det ikkje er anna enn den steinen, vert nok vegen opna i løpet av dagen, seier Nedberge Hille.