Hopp til innhold

Radar skal varsle snøras

På fylkesvegen til Veitastrond i Luster skal no ein radar syte for å stenge vegen når snøraset losnar høgt oppe i fjellsida.

Snørydding i Veitastrond

STORE SNØMENGDER: Rasrydding på Veitastrondvegen i 2011.

Foto: John Molland

Til sommaren har Statens vegvesen tenkt å montere utstyret som kan berge liv på den rasutsette vegen, skriv Bergens Tidende. Denne teknologien er tidlegare prøvd i Sveits. Når radaren fangar opp raset blir vegen automatisk stengd med lysregulering.

Har respekt for raset

Vegen frå Veitastrond til Hafslo er om lag tre mil lang, og radarovervakinga skal monterast i skredløpet Utladøla mellom Kvam og Veitastrond. I 2008 og 2011 gjekk det store ras der, fortel Asbjørn Nes til BT. Han er leiar av rassikringsnemnda i Veitastrond Bygdelag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Asbjørn Nes

RESPEKT FOR RASET: Asbjørn Nes.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Raset i 2008 var nok størst. Sleppområdet oppe i fjellet var fleire kilometer langt, siste snøen i rasområdet smelta ikkje før i slutten av august det året. Dette er eit skred vi har respekt for.

Sjeldant før, no årvisst

Tidlegare var det sjeldan at det gjekk ras i Utladalen, men dei siste åra har det blitt årvisst. Geologar meiner klimaendringar med større nedbørsmengder og meir snø i høgda er årsaka.

I år har det alt gått ras der, men då stansa det 20 meter frå vegen.

Det var Asbjørn Nes som hadde ideen til radarvarslinga, men han gir Statens vegvesen ros for kjapp handling.

– Det er ikkje meir enn eitt år sidan første gongen eg lanserte tanken. Dei har vore positive heile vegen.