Hopp til innhold

Steinras stengde riksveg 13

Riksveg 13 over Vikafjellet var stengd ein kort periode laurdag ettermiddag etter at steinblokker rasa ut.

Vikafjellet

– Ifølgje ein innringar er den største blokka på om lag 1 tonn. I tillegg er det fleire mindre steinar, sa vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK klokka 15.15.

Då var entreprenør kalla ut for å rydde vegen, etter at ein bilist melde frå til VTS like før klokka 15.

Vegen stengd på Vik-sida av fjellet om lag ein kilometer frå Storehaugtunnelen i retning Voss. Ingen bilar skal ha blitt treft av raset.

– Entreprenøren hadde ei maskin like i nærleiken og fekk raskt rydda opp raset. Men det var snakk om store steinar. Den storstue skal vere fem-seks kubikk. Entreprenøren har hatt ein erfaren kar på staden. Han vurderte som trygt å opne vegen, og den er no opna for fri ferdsle, opplyser Molvær til NRK klokka 15.35.

Vikafjellet 13.06.15

VIKAFJELLET: Slik ser det ut ved Hestavollen 892 m.o.h. laurdag ettermiddag.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera