Hopp til innhold

Steinar Ness i Kringkastingsrådet

Steinar Ness frå Gaular er oppnemnd til nestleiar i Kringkastingsrådet for perioden 2006 til 2009.

 

Steinar Ness
Foto: NRK

Kringkastingsrådet er eit rådgjevande organ for NRK, og skal drøfte og uttale seg om hovudlinjene i programverksemda. Rådet har 14 medlemmer.

Ness er tidlegare generalsekretær i Senterpartiet. Ny leiar i Kringkastingsrådet vart Kjellaug Nakkim frå Moss.