Sogn og Fjordane er dårlegast i Norge til å tene pengar på unik kultur og flott natur.
Landet hadde ein auke på heile 27 prosent på kultur- og natur-relaterte arbeidsplassar frå 2001 til 2002. Sogn og Fjordane derimot hadde ein nedgang på 12 prosent i same periode.
Slår alarm
Det har fått Sogn og Fjordane fylkeskommune til å slå alarm. Fylkeskommunen etterlyser no ein stormobilisering for å gjere kunst og kultur om til lønsame arbeidsplassar.
Sogndal får det til
Det finst sogningar og fjordingar som har fått det til. Håvard Flo (biletet) og Sogndal Fotball sysselset over 50 årsverk, og i Lærdal kan 38 millionar kroner av omsetnaden i kommunen knytast til Borgund stavkyrkje. Slike tal viser at kulturatraksjonar kan vere god business for det lokale næringslivet.