Statsadvokaten legg vekk saka mot mistenkt i Veronica-saka

Statsadvokaten har lagt vekk saka mot mannen som var mistenkt etter dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

LEGG VEKK SAK: Statsadvokaten har lag vekk saka mot mistenkt i Veronica- saka

Foto: Halvor Farsund Storvik / Privat / NRK

– Saka har vore etterforska som lekamskrenking med døden til følge. I forhold til det har vi hatt ein mistenkt i saka. Saka mot han er no lagt vekk på grunn av mangel på bevis, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.

Trygve Staff er advokat til den mistenkte mannen. Han seier klienten er glad for at saka mot han er lagt vekk.

– Det er veldig greitt å få stadfesta at skuldingane er skrinlagt, sjølv om det har teke tid. Han har heile tida sagt at han ikkje har gjort ho noko, og han er sjølvsagt undrande til kva som har skjedd, seier Staff.

Funnen død

22 år gamle Veronica Heggheim Stegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden i november i fjor etter å ha vore sakna i tre veker. Ein mann i 40-åra har vore mistenkt for lekamskrenking med døden til følgje.

Ingvild Thorn Nordheim

IKKJE NOK BEVIS: Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– I strafferetten er det strenge krav til bevis. Etter å ha gått gjennom papira i saka, har vi kome til at desse krava ikkje er oppfylt i forhold til lekamskrenking med døden til følge og difor blir saka lagt vekk, seier Thorn Nordheim.

– Vi har ikkje klart å knyte den mistenkte til dødsfallet til Veronica Heggheim Stegjerdet.

Staff meiner også at det har vore ei særs grundig etterforsking, og meiner det no ligg føre eit sikkert resultat.

– Det har lege i korta at dette ville vere resultatet, og no er det endeleg klart, seier Staff.

Narkotika og falsk forklaring

I samband med etterforskinga har mannen i 40-åra vore sikta for narkotikabrotsverk og falsk forklaringa. Desse punkta har statsadvokaten ikkje vurdert.

– Eg har berre vurdert dødsfallet til Veronica Heggheim Stegjerdet, der blir det opp til politiet å avgjere kva som skjer vidare.