Hopp til innhold

Grunneigarane vart høyrde i retten - Statnett får ikkje leggje kraftlinja gjennom dalen

Grunneigarane i Myklebustdalen i Ålfoten har fått medhald i ankesaka si i Gulating lagmannsrett. No får ikkje Statnett leggje kraftlinja gjennom dalen som planlagd.

Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger
Foto: Hilde Myklebust

Retten konkluderer no med at Statnett ikkje får leggje linja på eigedommane deira slik dei har planlagt, melder Fjordenes Tidende.

Grunneigarane i Myklebustdalen har kjempa hardt for å unngå den omstridde 420 kilovoltslina som skal gå via Ålfoten gjennom fylket.

Statnett vann første runde i Fjordane tingrett, men grunneigarane anka saka vidare til Gulating lagmannsrett. Der har dei no fått medhald i saka mot Statnett.

Den omstridde kraftlina skal gå mellom Ørskog og Fardal reiser seg.

Det var i desember 2011 at Olje- og energiminister Ola Borten Moe trassa fagetatane og la kraftlina gjennom Myklebustdalen i Ålfoten, i staden for i nabodalføret Førdedalen.

Seinare kom skuldingane om kameraderi i Senterpartiet, fordi lina vart flytta vekk frå Sp-folk sine eigedommar.

No gir Gulating lagmannsrett grunneigarlaget medhald, og Statnett får ikkje lov til å leggje kraftlinja om eigedommane i Myklebustdalen.

Ifølgje Fjordenes Tidende må Statnett også betale sakskostnadar for grunneigarlaget på tilsaman 553.683 kroner.