Hopp til innhold

Håpar dei fleste fjellovergangane opnar i løpet av natta

– Det har vore ei viss betring jamt over på alle fjellovergangar, så vi håpar dei fleste opnar utover natta.

Kolonnekøyring over Strynefjellet

KOLONNEKØYRING: 29 personbilar og ein lastebil venta på å få køyre vestover Strynefjellet i 15-tida fredag.

Foto: Jørgen Bergset

Det seier vaktoperatør Idar Sangolt ved Vegtrafikksentralen i Bergen i 22-tida fredag.

– Vinden og nedbøren har roa seg litt, og meldingane ser eigentleg greie ut for natta, held Sangolt fram.

Stengde fjell

Skilt om kolonnekøyring på Strynefjellet

KOLONNEKØYRING: Bilistar som skal over Strynefjellet fredag ettermiddag og kveld må bu seg på kolonnekøyring.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fredagen har vore ein trøblete dag for fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet. På eit tidspunkt var det anten stengt eller kolonnekøyring over dei aller fleste fjellovergangane i Sør-Norge.

Fredag kveld vart Hemsedalsfjellet opna for ein kort periode, men like etter stengd for store køyretøy etter at eit utanlandsk vogntog saksa seg.

– Slår vêrprognosane til, så håpar vi fleire fjellovergangar opnar utover natta, seier Sangolt.

OBS-varsel i fjellet

Snøføre

STRYNEFJELLET: Brøytebilsjåførane melde om kuling, tette snøbyer og dårleg sikt over Strynefjellet.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Framleis er det både stengingar og kolonnekøyringar. Fredag kveld blir det meldt om sleipt føre, kuling, tette snøbyer og dårleg sikt i kolonnen over Strynefjellet. Like etter opna Hemsedalsfjellet for fri ferdsle etter kolonnekøyring. Fire av fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet er heilt stengde grunna uvêr.

Tidlegare på dagen vart bilistane oppmoda om å ta med både varme klede, mat og drikke om ein skulle over fjellet.

Mange vegmeldingar for Sør-Norge i dag.

MYKJE RAUDT: Vegtrafikksentralen håpar fleire raude markeringar forsvinn frå vegmeldingskartet i løpet av natta.

Foto: Statens vegvesen / Skjermdump

Statsmeteorolog Gunnar Livik forsikra om at det ville bli skikkeleg møkkavêr utover fredagen.

– Vi har ein vestleg sterk kuling utsette stadar utover dagen og byer med hagl og regn, og snø i høgareliggjande strok. Litt spreidd tore. I morgon held byevêret fram, vinden dreier over på nordvest og framleis sterk kuling først på dagen, seier Livik.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om vanskelege køyreforhold i fjellet over 600 meter som gjeld fram til fredag kl. 18. På kysten skal det blåse full storm og sterk storm ved Stad. Lokalt er det venta kraftige vindkast, særleg nord på Vestlandet.

– Viss du ikkje absolutt ikkje må over fjellet, så bør du halde deg heime, meiner meteorologane.

Slik er status på fjellovergangane i Sør-Norge (oppdatert 22.00):

E6 Dovrefjell: Snø- og isdekke, fare for glatte parti.

E16 Filefjell: Snø- og isdekke og redusert sikt.

E134 Haukelifjell: Snødekke og somme stader redusert sikt.

Rv. 7 Hardangervidda: Kolonnekøyring grunna uvêr.

Rv. 9 Hovden–Haukeli: Snødekke og somme stader redusert sikt.

Rv. 13 Vikafjellet: Stengt. Ny vurdering laurdag klokka 09.

Rv. 15 Strynefjellet: Kolonnekøyring.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke. Kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel. Store køyretøy bør bruke kjetting.

Fv. 50 Hol-Aurland: Stengt.

Fv. 53 Tyin–Årdal: Stengt.

Fv. 55 Sognefjellet: Stengt på grunn av uvêr.

Fv. 520 Hellandsbygd–Røldal mellom Ropeid og Svartavatn. Stengt.

Hemsedalsfjellet fredag

TETT SNØDREV: Vind og nedbør fører til vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Norge fredag.

Foto: Statens vegvesen