NRK Meny
Normal

Staten esar ut i storbyane – medan distriktsordførar ventar på sin del av kaka

– Alt fint prat frå regjeringa om utflytting av statlege arbeidsplassar er eigentleg tomprat, meiner Venstre-ordførar Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo

OPPGITT: Ordførar i Eid kommune Alfred Bjørlo (V) stod i spissen for kommunesamanslåing med Selje. Men staten bygger ned i staden for å satse i kommunen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det siste året har det blitt 2400 fleire statlege arbeidsplassar i dei fire største byane.

På same tid er ordførarar i distrikta skuffa. Regjeringa varsla statlege jobbar til kommunar som slo seg saman friviljug. Det kom også fram då dei etablerte det nye inntektssystemet for Kommune-Noreg.

Alfred Bjørlo er ordførar i Eid, ein kommune som slår seg saman med Selje for å bli Stad kommune i 2020. Men så langt kan Bjørlo sjå langt etter nye statlege arbeidsplassar.

– Løna for å vere offensive er å bli haldne med godt prat, når reformarbeidet er over lokalt vender staten ryggen til og stikk av med halen mellom beina, seier Bjørlo.

Størst vekst i byane

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det no er 77300 statlege jobbar i Oslo. Veksten i fjor var 190 jobbar.

I Stavanger auka talet med 742, i Bergen 672 og i Trondheim 802 fleire jobbar i fjor.

Til samanlikning mista Sogn og Fjordane totalt fem jobbar til 5242 arbeidsplassar. Verst stilt er Flora kommune med 50 færre arbeidsplassar.

– Det eser ut i storbyane medan talet minkar i distrikta, seier Bjørlo. Eid kommune enda med sju færre statlege jobbar i fjor.

Kallar utflyttingar symbolpolitikk

Regjeringa seier 750 statlege jobbar er flytta frå Oslo dei siste fire åra. Mellom anna flyttast 40 arbeidsplassar i Fredskorpset frå Oslo til Førde.

Bjørlo er ikkje imponert.

– Dette er symbolpolitikk, små veldig synlege utflyttingar med høg sigarføring. Men dei store strukturane i staten blir i det stille demontert og flytta vekk, det er eg grundig lei av, seier ordføraren.

Meiner folk kan vere nøgde

Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Anne Karin Olli (H) forsvarar utviklinga:

– Veksten avspeglar innbyggarane sine behov for tenester – då vil veksten vere størst der innbyggarveksten er størst. Dei siste åra er det særskild vekst i universitets- og høgskulesektoren, seier Olli.

Trondheim sett fra Tyholt-tårnet

VINNAR: Ingen stadar hadde større vekst enn Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

Olli er usamd i at utflyttingar er symbolpolitikk

– Det er absolutt reelt for dei det gjeld. I nokon fylke som Sogn og Fjordane veks ikkje befolkninga lenger, likevel er talet statlege jobbar stabilt, seier statssekretæren.

Kritisk til eige parti

Venstre har lova fleire statlege jobbar i distrikta, men Bjørlo er ikkje nøgd med partiet sitt:

– No for tida blir eg møtt med flakkande blikk og fine ord frå sentralt hald om at vi får smørje oss med tolmod. Dette er ikkje godt nok i det heile teke.

Parlamentarisk leiar Terje Breivik seier partiet vil flytte ut jobbar.

– Vi har fått til ganske mykje, men det er heilt klart bruk for å gjere meir, seier han.

Florø by

TAPTE: Flora kommune tapte 53 statlege arbeidsplassar i fjor. Mellom anna vart Sogn og Fjordane politidistrikt slått saman med Hordaland, og ei rekkje stillingar flytta til Bergen.

Foto: Ottar Starheim / NRK