Hopp til innhold

Søket etter sakna mann i 50-åra er avslutta for kvelden

Store styrkar har leita etter den sakna mannen i 50-åra i området mellom Stavang og Eikefjord gjennom fredagen. Søket vart avslutta klokka 18 fredag kveld.

Leiteaksjon Flora

LEITEAKSJON: Store leitemannskap deltek i søket etter ein sakna mann i 50-åra. Fredag blei det sett i gang leiting etter mannen etter funn av ein tom båt ved Osstrupen bru nær Høydal.

Foto: Røde Kors

– Vi har avslutta søket for i kveld og det vert tatt fortløpande vurderingar på når vi skal starte opp att, seier operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Florø, Ole Tom Nord, til NRK fredag kveld.

Store mannskap har leita etter mannen fredag, utan at det har blitt gjort funn.

Politi og Røde Kors starta søket etter at skjergardsjeepen til den sakna vart funnen drivande ved Osstrupen bru i Flora. Totalt deltek kring 30 personar i søket etter mannen i 50-åra.

– Personen har ikkje vore observert sidan tysdag og leitinga vart sett i verk etter at vi prøvde å kontakte eigaren utan hell, opplyste operasjonsleiar Olaug Holme torsdag kveld.

I 13-tida fortel innsatsleiar Torbjørn Thue at søket i sjøen dreiar seg om ein anteken omkomen person.

– Parallelt gjer vi søk på land for å forsøke å finne ut meir om kva som har skjedd.

Store leitemannskap

Klokka 10 fredag, starta leitemannskap søket igjen.

– Både frivillige og Røde Kors deltek i søket. Også redningshundar deltek, seier Holme til NRK.

– Politiet vil i samråd med Hovudredningssentralen på Sola leggje ein plan for kva type søk, og kva type område vi søkjer i. Som i går vil vi nok nytte frivillige på land og til sjøs, og truleg redningshelikopter og dykkarar, seier operasjonsleiar hos Vest politidistrikt, Kai Henning Myklebust.

Torsdag kveld medverka 17 personar frå Røde Kors, fem båtar, samt dykkarar og politi i søket etter mannen. Søket vart då konsentrert i området mellom Stavang og Eikefjord.

Vanskeleg terreng

Operasjonsleiar Olaug Holme seier det er ein krevjande leiteaksjon.

– Det er eit vanskeleg terreng. Det er bratt i området og sjø. Det er ei utfordring for dei som skal leite.

Ho seier det er uvisst kva som har skjedd med den sakna, men at politiet har fått informasjon om at vedkommande skal ha vore i området.

Ber om tips

– Politiet vil jobbe målretta med å hente inn informasjon om kva som har skjedd. Det blir i alle høve sett inn betydeleg innsats i søket etter den sakna, seier Myklebust.

Politiet ber publikum om tips frå folk som har sett mannen etter tysdag 21. mars klokka 12. Folk som kan ha informasjon i saka kan ringe 02800.

Osen