Startar avhøyr av drapssikta

Politiet har starta avhøyr av mannen som er sikta etter knivdrapet i Florø, seier politiadvokat Eli Valheim.

I november vart ei 51 år gammal kvinne drepen – og ein 27 år gammal mann er sikta for drapet.

Valheim seier politiet har ei meining om hendingsgangen, men dei ønskjer førebels ikkje å seie noko om det no eller kva den sikta har forklart.

Drap i Florø
Foto: NRK.no-tipsar