Hopp til innhold

Starta dagen med stengde fjell

Vinden har slett ikkje tenkt å sleppe taket på fjellovergangane inn og ut av Sogn og Fjordane. Tidleg fredag morgon var på det verste tre av fjella stengde.

Vikafjellet fredag morgon 3. januar 2014

FRAMLEIS STENGD: På riksveg 13 over Vikafjellet har det vore trøbbel sidan vesle julaftan, og heller ikkje i morgontimane fredag kjem du deg over fjellovergangen i Sogn.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Både riksveg 13 Vikafjellet, fylkesveg 50 Hol-Aurland og fylkesveg 53 Årdal-Tyin stod på lista over stengde fjellovergangar i 05-tida fredag morgon.

Utover morgonen har ting betra seg. I 06-tida vart vegen mellom Hol og Aurland opna og i 09-tida opna Tyin-Årdal.

På riksveg 13 over Vikafjellet har mannskap vore i sving med brøyting sidan i dag tidleg, og klokka 11.30 opnar fjellet for kolonnekøyring, melder Vegvesenet.

På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet måtte folk vente på kolonnen heile gårsdagen, men i 23.30-tida kunne fjellet opne for fri ferdsle.

Men det er ikkje noko dans på roser å kome seg over fjellovergangen fredag morgon. Statens vegvesen melder om redusert sikt på grunn av snøføyke og ber om at store køyretøy brukar kjetting.

Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal sa seint torsdag kveld til NRK.no at det også fredag kan bli kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet på grunn av vind. Det er også venta ein del nedbør utover dagen.

Klokka 10.40 fredag melder Vegvesenet at det er problem med dårleg sikt på fjellovergangen og at det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.

På riksveg 15 over Strynefjellet greidde dei torsdag å halde vegen open, og det er den også fredag morgon. Men vinden herjar også her. Det er meldt om redusert sikt enkelte stader, i tillegg er det fare for glatte parti.

Slik er stoda klokka 10.30:

  • E16 Filefjell – ope for fri ferdsle. Snø og isdekke, tunge køyretøy bør bruke kjetting
  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna uvêr. Opnar for kolonnekøyring klokka 11.30
  • Riksveg 15 Strynefjellet – Ope for fri ferdsle. Snø og isdekke, redusert sikt enkelte stader og fare for glatte parti
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – ope for fri ferdsle. Snø og isdekke, redusert sikt på grunn av snøføyke. Store køyretøy bør bruke kjetting. Kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – ope for fri ferdsle. Snø og isdekke
  • Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – ope for fri ferdsle frå klokka 09.15. Snø og isdekke og store køyretøy bør

Du får alltid oppdaterte vegmeldingar på Vegvesen.no

Varslar høg vasstand

Meteorologisk institutt har også sendt ut varsel om høg vasstand frå Stavanger til Ålesund fredag. Årsaka er eit lågtrykk som kjem innover Nordsjøen og treff nordvest for Stad.

Vasstanden er estimert til å bli 30–50 centimeter over nordmalen.

– Det er meldt sørleg og søraustleg sterk kuling frå fredag føremiddag. Det vil blåse stiv kuling langs kysten, og kan komme opp i sju meter bølgje fredag ettermiddag, opplyser vakthavande meteorolog Mariann Foss til NTB.