NRK Meny
Normal

Samarbeidar om bruprosjekt

SOLUND (NRK): Det var både kake og alkoholfrie bobler då ordførarane i Solund og Askvoll markerte at dei står saman om bruprosjekt i dei to kommunane.

Ole Gunnar Krakhellen og Frida Melvær

SAMARBEID BYGGJER BRUER: Ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen, og ordførar i Askvoll, Frida Melvær er glad for å kunne samarbeide om å få realisert bruprosjekt i kommunane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For å markere at dei to ordførarane no samarbeider om å få realisert bru over Ytre Steinsund og Atløysambandet arrangerte dei i dag ei synfaring for involverte eldsjeler og politikarar frå Solund og Askvoll.

– I dag er ein fin dag for å grunnfeste samarbeidet som Solund og Askvoll har hatt fram til no, og som vi skal halde fram med vidare til brusambanda våre er på plass, seier ordførar i Askvoll, Frida Melvær.

Vil ha bru no

Krakhellen og Melvær

MARKERTE MED MARSIPAN: Ordførarane hadde med kake for å feire samarbeidet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I innstillinga til Kommuneproposisjoen for 2016 ligg ferjeavløysingsordninga for fylkesvegar inne. Ordninga skal utvidast til 40 år, og i tillegg har eit fleirtal sagt at midlane skal prisjusterast og at det er ei opning for at ein kan sjå fleire prosjekt i samanheng. Noko ordførarane også markerte.

– No ligg ferjeavløysingsordninga til rette, så no treng vi å nå gjennom i fylkeskommunen og at fylkestinget ser moglegheitene og prøvar å få dette til, seier ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen.

Ordførarane meiner at brua må byggjast no, fordi all kunnskap tilseier at prisveksten er stor på ferjedrift og dersom det kjem større fartøy når dagens ferje skal på anbod vil kostnadane auke.

– Viss vi ikkje byggjer bru no, vil vi om 20 år peike på at om ein hadde bygd bru så hadde vi spart pengar, seier Krakhellen.

– Kan køyre Atløysambandet om fire-fem år

Folk på Atløy håpar å få fastlandssamband i løpet av nokre få år. Aril Olset, i samferdselsutvalet til Atløy vel, er optimist.

– Vi kan nok køyre Atløysambandet om fire-fem år, noko anna ville vere heilt forferdeleg. Vi veit at det er stor politisk vilje for å få dette til, så no når ferjeavløysingsmidlane er på plass, så ser eg ingen grunn til at dette ikkje vil skje, seier han.

Aril Olset på markering

SPRUDLANDE NØGDE: Bjørn Arne Mjåseth, Aril Olset, Oddbjørn Veka og Kay Lise Løkeland Leknes i Atløy vel var godt nøgde med markeringa.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Olset meiner Atløysambandet vil bety mykje for folket på Atløy.

– Dette vil ha utruleg mykje å seie for kommunikasjonen som vi har slite med i alle år her ute. No opnar det seg opp for nye moglegheiter innan næringslivet for sterkare satsing på kysten og den maritime næringa, fortel han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune