Hopp til innhold

Står framleis utan spor etter sakna mann

HAUKÅSEN (NRK): Søket etter den sakna 37-åringen ved Haukåsen i Sogndal, vert stadig utvida. Rundt hundre personar deltek i leiteaksjonen.

leiteaksjon i sogndal haukåsen

MANGE FRIVILLIGE: Rundt hundre personar deltek i søket etter mannen som vart meldt sakna frå Haukåsen måndag.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Tysdag kveld informerer politiet om at det ikkje lenger er behov for fleire frivillige for å søke i dag.

– Det har møtt opp stadig fleire, og no er det så mange at vi ikkje har behov for fleire. Vi har heller ikkje kapasitet, verken med søketeigar eller mannskap, til å handtere fleire frivillige i kveld, seier operasjonsleiar for politiet, Inge Værøy, tysdag kveld.

Leitemannskap frå naudetatar, frivillige organisasjonar og andre har leita etter mannen sidan måndag kveld. Mannen forsvann då han og fleire andre frå ein institusjon var på tur ved Haukåsen.

Det er ikkje gjort noko funn i løpet av tysdagen, og søket har stadig blitt utvida.

– Søket blir trappa ned fram mot at det mørknar, men det vil gå føre seg søk i heile natt. Om det blir behov for fleire frivillige i morgon må vi vurdere då, seier Værøy.

Held på så lenge dei må

Omtrent hundre personar deltek i søket tysdag ettermiddag. Desse blir frakta med bilar eller går til fots til ulike område det vert leita i.

– Det er folk frå Sogn brann og redning, Norske redningshundar, og fleire hjelpekorps i området. Det er også ein heil del som har meldt seg frivillig, som vi flettar inn saman med hjelpekorpsa, seier Harberg.

Søket etter den sakna 37-åringen ved Haukåsen i Sogndal, vert stadig utvida.
Mannen forsvann i går då ei gruppe frå ein institusjon var på tur.
Rundt hundre personar deltek i søket i dag. Over halvparten av dei er frivillige.

LEITAR MED FULL STYRKE: Framleis er det ikkje gjort noko funn i samband med leiteaksjonen ved Haukåsen i Sogndal. (Foto: Christian Blom/Stine Kyrkjebø Johansen. Redigering: Arne Stubhaug)

Ifølgje innsatsleiaren går dei framleis ut frå at dei leitar etter ein levande person.

Også politihelikopteret har delteke i leitinga måndag, men utpå ettermiddagen returnerte det til Oslo. Dei andre held fram søket.

– Vi kjem til å halde på til vi anten finn den sakna eller det blir mørkt. Så lenge vi ikkje har gjort funn må vi fortløpande vurdere kor stor innsats vi skal leggje inn i søket, seier Harberg.

Over halvparten er frivillige

Innsatsleiaren er glad for å sjå at så mange har møtt opp for å hjelpe til med leitinga.

– Det er heilt fantastisk kor mange som har møtt opp. Vi har minst 40 som har meldt seg frivillig, utanom dei frivillige frå hjelpekorpsa, så det har strøymt til folk jamt og trutt heile dagen, seier han.

Det var to tilsette frå institusjonen som var med mannen på tur, då han forsvann.

– Dei var på veg tilbake til bilen, så snur dei seg og så er han sakna og vekke, seier innsatsleiar Harberg.