Det er hovudkonklusjonen i eit svar helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) har gjeve Åge Starheim (Frp) på spørsmål om Helse Midt-Norge sine strukturelle endringar.
Starheim fryktar at desse endringane også kan føre til endringar i Volda, og gjer det naudsynt å oppretthalde føde- og akuttberedskapen på Nordfjordeid.
– Slike forsikringar har eghøyrt tidlegare. Eg har høyrt det frå statsrådar og regjeringsmedlemer, seier Starheim.
Lit ikkje på statsråden
Departementet har bestemt å samle fødeavdelingane på Nordfjordeid og Volda i Volda når Kvivsvegen er klar neste år. Store underskot og behov for midlar til sjukehusinvesteringar gjer at Helse Midt plukkar fram sparekniven på drifta si.
Strøm-Erichsen seier ho har fått forsikringsvedtak frå Helse Midt om at omstillinga ikkje vil berøre fødeavdelinga i Volda.
– Det skulle ikkje skje strukturelle endringar på lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane. Så ser vi no kva som skjer. Ein kan stille seg sjølv spørsmål om kva slike forsikringar frå statsråden er verd. Etter mitt skjønn null, tordnar Starheim.
«Let humla suse»
I svaret Frp-representanten har fått kjem det vidare fram at sjukehuset i Volda vil vere sikra tilstrekkeleg akuttberedskap for å ha ei fullverdig fødeavdeling.
Eit klart signal om at det ikkje er mykje støtte i departementet for ei omgjering av vedtaket angåande Nordfjord sjukehus.
– Ja, ein kan vere så stygg å seie at statsråden og departementet «berre let humla suse» og har som motto at «det som skjer, det skjer», seier han.