NRK Meny
Normal

Står fast på kritikken

Trass i 60 nye arbeidsplassar - Bente Frøyen Steindal står fast på at oljeavtalen er dårleg.

Bente Frøyen Steindal
Foto: Astrid Gjelsvik / NRK

60 nye arbeidsplassar til Florø er ikkje noko bevis på at Lutelandet-avtalen er god. Det meiner Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal.

Les også: Luteland-avtalen vert gjeldane

Krev sin del

- Eg jobbar for at Sogn og Fjordane og Florø skal få sin del av oljeaktiviteten som dei har rettmessig krav på. Det har enno ikkje skjedd, difor står eg fast på kritikken, seier Frøyen Steindal.

I går vart det kjent at 60 arbeidsplassar vert flytta frå Mongstad til Flora som fylgje av den nye avtalen mellom Statoil-Hydro og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det er ikkje nok til at Frøyen Steindal endrar standpunkt.

- Eg står fast på det eg har sagt før.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.