Hopp til innhold

Luteland-avtalen vert gjeldane

Sogn og Fjordane fylkeskommune sin avtale med StatoilHydro om vindindustri på Lutelandet og nye oljearbeidsplassar i Flora er gjeldande frå i morgon.

Lutelandet-plan

Avtalen om vindindustri på Lutelande vert gjeldane.

Illustrasjon: Multikonsult AS

Fylkesutvalet godkjende avtalen i dag.

- Ja, me har trekt anken, og det betyr at avtalen som fylkesordføraren skreiv under på, vert gjeldane, seier Jenny Følling, som er gruppeleiar i Senterpartiet

Fleirtalet i fylkesutvalet gjekk inn for å godkjenne avtalen, med Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og Høgre.

I mot

Medan fleirtalet sa ja til avtalen, meinte Framstegspartiet og Venstre at fylkesutvalet burde seie nei.

- Grunnen er at fylkeskommunen ikkje burde ha vore med og forhandla. Regjeringa pressa oss til å gjere dette, seier Jostein Kvalsvik, som er gruppeleiar for Frp.

Han meiner regjeringa skulle ha tatt denne jobben.

Jostein Kvalsvik

Jostein Kvalsvik

Foto: NRK

- For dårleg

Kvalsvik er heller ikkje nøgd med dei andre sidene av avtalen.

- Han er for dårleg for Florø. Me kan òg stille spørsmål med det som gjeld Lutelandet, men det er meir smakeleg og går an å svelje, seier han.