Ola Braanaas. Arkivfoto NRK
Braanaas, som er dagleg leiar i oppdrettsselskapet Firda Management, etterlyser ei tøffare linje frå norsk side. Trass i at norske styresmakter er sikre på at laksenæringa ikkje dumpar laks og meiner dei har bevis for det, blir det straffetoll på norsk laks frå i morgon.
Sterkare lut må til
Difor meiner Braanaas, som er dagleg leiar for ei bedrift som sel laks verd 200 millionar kroner, at no må det sterkare lut til. Han trur det blir vanskeleg å få til stans i leveransane til EU, men seier at uansett vil eksporten stoppe opp denne veka.
FHL trur det kan fungere
Styreleiar i Fiskeri- og Havbruksnæringens landsforening, Lisbeth Berg Hansen, forstår frustrasjonen til oppdrettarane og trur at eit slikt tiltak faktisk ville fungere.
Kostar 600 millionar
Straffetollen på laks kan koste norske bedrifter 600 millionar kroner i dei første seks månadene, seier administrerende direktør Ole Eirik Lerøy i Lerøy Seefood Group til Aftenposten. Han trur på ei løysing bak kulissene, og trur vi no ser den siste runden i denne type fiskerikonfliktar.
Fire kroner pr kilo
Straffetollen varierer frå 6,8 til 24,5 prosent, og så mange som 100 oppdrettsselskap kan ha fått den strengeste straffetollen på 24,5 prosent. Med dagens laksepris dreier deg seg om rundt fire kroner pr kilo laks for eksportørane.