Hopp til innhold

Stank i Sløvåg kan bli langvarig

Stanken som kviler over Sløvåg i Gulen etter eksplosjonen i Vest Tank, kan bli liggande ei stund.

Det seier kjemiprofessor Jon Songstad ved Universitetet i Bergen. Men han er usikker på kor lenge lukta kan ligge der.

- Det avheng av kokepunktet då desse bittingane vart blåst opp i lufta. Om desse hadde høgt kokepunkt, vil dei ligge ei stund.

- Kan ligge lenge

I Gulen herskar det uvisse kring kva stoff som vart spreidde i lufta etter tankeksplosjonen i Gulen for om lag ein månad sidan. Men verksemda Vest Tank seier at stoffet inneheld merkaptanar. Songstad meiner det er desse organiske svovelbittingane som no ligg på bakken i området rundt anlegget og avgir lukt og gir folk helseplager som sår hals og hudirritasjonar. Spørsmålet om korvidt det tok til å brenna i tankane før eller etter eksplosjonen er viktig med tanke på kor lenge folk kjem til å verta plaga av stanken.

- Dersom det brann først, kan mange av desse bittingane ha brent opp og blitt laga til svovedioksid. Det er det same som surt nedbør. Men det er så lettløyseleg i vatn at det vil med det same bli vaska vekk.

- Treng regn

- Verre er det med desse organiske svovelbittingane om desse ikkje brann opp, og berre fordampa, då vil dei ligge i terrenget ei stund til dei vert vaska vekk.

Songstad meiner det beste som kan henda no, er at det kjem nokre dagar med høljande regn for å få vaska ut terrenget.