Hopp til innhold

Sjåføren nekta stogge for kontroll - verken bilen eller papira var i orden

Den makedonske lastebilsjåføren som nekta stoppe for Vegvesenet sin kontroll visste truleg at han ikkje hadde sitt på det reine. Verken den tekniske standen på køyretøyet eller papira var i orden.

Bulgarsk semitrailer stogga ikkje for kontroll - hadde tekniske manglar

FULL STOGG: Den makedonske føraren av denne semitraileren frå Bulgaria må rett ut av landet når han har fått reparert eksoslekkasjen.

Foto: Johan Moen / NRK

– Eg vil tru at sjåføren visste at han hadde mykje som ikkje var i orden, og at han difor valde køyre forbi, seier Geir Leon Hetle som er utekontrollør for Statens vegvesen i Førde.

Då Vegvesenet torsdag ettermiddag hadde kontroll av tunge køyretøy på E39 i Førde måtte dei tilkalle politiet.

Ein bulgarskregistrert semitrailer køyrde nemleg rett forbi skilta, men vart raskt innhenta av patruljen.

Sjåføren måtte pent køyre tilbake til kontrollstasjonen, der Vegvesenet sine folk fekk nok å henge fingrane i.

– Denne kontrollen tok mykje av kontrolltida vår, men samtidig er det viktig at vi får slike køyretøy ut av trafikken, seier Hetle.

– Brannfarleg

Kontrollørane avdekka tekniske manglar som var så alvorlege at dei la ned køyreforbod. Det vil seie at sjåføren ikkje får reise vidare før køyretøyet er reparert.

– Vi oppdaga ein eksoslekkasje som var av ein slik art at vi vurderte den til å vere brannfarleg. I tillegg mangla han lok på dieseltanken, og det var tydeleg at det hadde vore lekkasje frå den. Får du diesel på våt veg blir det såpeglatt, så vi er glad vi fekk stoppa han, seier Hetle.

I tillegg oppdaga dei manglar på bremsene, men desse var ikkje så alvorlege at han fekk køyreforbod. Men feila må rettast før bilen får kome tilbake til Norge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Den bulgarske semitraileren mangla diesellok

LEKKASJE: Utan lok på dieseltanken var det tydeleg at det hadde vore lekkasje av drivstoff, seier Hetle i Vegvesenet.

Foto: Johan Moen / NRK

Hadde ikkje orden i papira

Då kontrollørane tok papira til sjåføren nærare i augesyn fann dei fleire manglar. Semitraileren køyrde på kjennemerke frå Bulgaria og hadde gjennomført ein transport i Norge, då han vart stogga var den tom.

Hetle seier alle som firma som skal drive internasjonal transport må ha eit løyve frå EU, eit såkalla fellesskapsløyve. Dette kunne ikkje sjåføren framvise.

Det mangla også vognkort og registreringsdokument på trekkvogna. Og det stoppa ikkje der.

– Sjåføren var ein statsborgar frå Makedonia. Han er altså frå eit land utanfor EU, men jobbar for eit firma som driv innanfor EØS-området. Då skal han ha ein førarattest, men det hadde han ikkje, seier Hetle.

Etter litt fram og tilbake har Vegvesenet fått stadfesta at trekkvogna ikkje er stolen, og firmaet har kunne framvise både fellesskapsløyve og registreringsdokument for trekkvogna.

– Men sjåføren har ikkje kunne vise til noko førarattest, seier Hetle.

(Artikkelen held fram under)

Geir Leon Hetle

ALVORLEG: Geir Leon Hetle i Vegvesenet seier det er viktig at dei greier stogge denne typen køyretøy.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Dette er alvorleg

Enden på visa vart at sjåføren fekk køyre vidare til verkstad for å reparere dei tekniske manglane. I tillegg er han meld for ikkje å ha stogga for kontroll, noko som truleg vil ende med bot frå politiet.

Når bota er betalt og reparasjonane er i orden må han køyre ut av landet, utan lass.

– Kor alvorleg meiner Vegvesenet desse tinga er?

– Det er ganske alvorleg. Det med eksoslekkasjen kan i verste fall føre til brann, og ein diesellekkasje er også uheldig.

– I tillegg er det slik at denne sjåføren ikkje konkurrerer på like vilkår som andre som skal drive transport i Norge, i og med at han hadde så mykje som ikkje var i orden, seier Hetle.