Hopp til innhold

Stakk av etter promillekøyring

Ei 22 år gammal kvinne er mistenkt for promillekøyring etter at ho køyrde bilen inn i ein mur på Flatene like utanfor Førde sentrum natt til søndag.

Då politiet kom fram til staden hadde kvinna stukke av, men ein time seinare fann dei kvinna. Ho vart ikkje skadd i uhellet.

Ein person vart teken for promillekøyring då politiet stoppa bilen han køyrde på Føleide i Gloppen i 4-tida natt til søndag.

Mannen som er i 20-åra fekk kverrsett førarkortet på staden.