Hopp til innhold

No er under ti prosent av barnehagelærarane ufaglærde i fylket

I 2012 opplevde Sogn og Fjordane eit kraftig fall i talet på barnehagelærarar som jobbar på dispensasjon fordi dei ikkje har relevant utdanning.

Barne i barnehage

FLEIRE MED UTDANNING: Stadig færre barnehagelærarar jobbar på dispensasjon fordi dei manglar relevant utdanning i Sogn og Fjordane.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

For første gong på lenge er under 10 prosent av førskulærarane ufaglærte.

Leiken er stort sett den same, men barnehageborna i Sogn og Fjordane har betydeleg fleire kvalifiserte barnehagepedagogar rundt seg no enn tidlegare.

– Det er ei gledeleg utvikling frå 2011 til 2012 på dette, både for leiarar og pedagogiske leiarar, seier rådgjevar i utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Berit Rygg.

Auka med 20 på eitt år

I 2012 auka talet pedagogiske leiarar i barnehagane i fylket frå 560 til 580. Samtidig gjekk delen av årsverk blant desse som jobba på dispensasjon på grunn av manglande utdanning ned frå 13,7 til 9,7 prosent.

Det takkar Rygg Høgskulen i Sogn og Fjordane for.

– Vi veit at Høgskulen i Sogndal har vore flinke og lagt til rette deltidsutdanning for barnehagelærarar i dei regionane der det har vore behov, seier Rygg.

Har klart å halde på dei utdanna

Våren 2012 gjekk 36 barnehagelærarar ut frå denne utdanninga, dei fleste til barnehagejobbar der dei trengdest mest.

– Vi har greidd å rekrutterer ganske mange til Sogn og Fjordane. Vi har klart å halde på dei som har teke utdanning fordi dei har klart å kombinere dette med hus, heim og arbeid, seier Rygg.