Hopp til innhold

Manglar 6.000 førskulelærarar

I Balestrand nyttar det ikkje å annonsere etter førskulelærarar lenger. Ingen søkjer likevel. Noreg er 6.000 førskulelærarar i manko.

Over heile landet er det mangel på kvalifiserte folk som vil jobbe i barnehagar.

Mangel på førskulelærarar.

- Me får rett og slett ikkje inn søkjarar, så det er ikkje noko å velje i, seier Heidi Johnsen, styrar i Sagatun barnehage, medan leiken pågår på alle kantar rundt ho i barnehagen.

Ungane merkar det ikkje direkte, men mange av dei som passar på dei, rettleiar dei og ivaretek behova deira har ikkje utdanninga lova seier at dei skal ha.

Vanskelegare enn før

- Det er vanskelegare å få tak i førskulelærarar no enn før. Før fekk me gjerne ein eller to søkjarar til vikariat. Der er det stopp no. Vi har to i permisjon som vi ikkje har fått erstattarar for. Når vi ikkje får tak i førskulelærarar må vi få assistentar og ufaglærte til å gå i førskulelærarstilling, seier Johnsen.

To av tre

Barnehagen i Balestrand manglar førskulelærarar på to av tre avdelingar. Og dei er langt frå åleine om det. I heile landet manglar barnehagane rundt 6.000 pedagogar, og i Sogn og Fjordane og Hordaland har berre rundt ein tredel av dei barnehagetilsette førskulelærarutdanning. Det kan bety at ikkje alle borna får hjelpa dei treng.

- Det er ein jobb med både personalansvar og ansvar for ungane utvikling og spesielle behov. Du treng førskulelærarutdanning for å handtere det ansvaret, seier Johnsen.

(Artikkelen held fram under biletet)


Ingen søkjer jobbane

Kari Rønnestad, kommunalsjef for oppvekst i Balestrand

LÆRINGSARENA: - Barnehagane blir ein stadig større læringsarnea, difor treng vi faglert personale, seier Kari Rønnestad.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Situasjonen er velkjend i kommuneleiinga. Årsaka til at mottiltaka ikkje er på plass kan vera at situasjonen ikkje har vore så ille som den er no tidlegare. Nærleiken til førskulelærarutdanninga i Sogndal har gjort at dei som regel har fått tak i arbeidskrafta dei har trengt. I dag står Sagatun, som er den største barnehagen i kommunen, med ein styrar og ein førskulelærar med utdanning. Resten er assistentar.

- Fram til det siste året har me alltid hatt søkjarar frå Sogndal, men vi merkar ei endring no. Vi er pressa akkurat no fordi vi har folk ute i permisjonar.

- Kva konsekvensar får dette for ungane?

- Barnehagen blir ein stadig større læringsarena, og då må ein ha dette på plass. Det er heilt avgjerande at vi klarar det. Men eg er ikkje bekymra. Eg er ofte på besøk i barnehagen og ser at det som skjer der er fullt forsvarleg og meir til. Vi har erfarne assistentar i leiarfunksjonane, seier Rønnestad.


Flyktar til skulen

Ein av tinga som har forverra situasjonen i mange kommunar, er at førskulelærarar vel å vidareutdanne seg slik at dei kan jobbe i barneskulen.

- Det er klart at i skulen har dei fri ni veker i året, og lønsmessig ligg dei ikkje lågare enn ein avdelingsleiar i barnehagen, seier Rønnestad.
Bryt opplæringslova

- Vi følgjer jo ikkje lova. Der står det at vi skal ha fagutdanna personale. Men vi gjer så godt vi kan. Vi lyser ut i Bergens Tidende og lokalavisene og prøver å finne løsingar.

-Og så har vi fantastiske assistentar som er røyde, kloke og flinke. Dei tek ansvar, seier Rønnestad.

Låg yrkesstatus

Høgskulane har dei siste åra utdanna stadig fleire førskulelærarar, men samtidig har det vore ei storstila barnehageutbygging i landet. Difor har ikkje talet på tilsette i barnehagane med godkjend utdanning har difor ikkje auka.

- Førskulelæraryrket har ikkje høg status. Med meir løn vil ein få meir status, seier Ronja Vangsnes, som studerer til å bli førskulelærar ved høgskulen i Sogn og Fjordane.

På Sagatun Barnehage har dei i samarbeid med FAU byrja å jobbe for at kommunen skal setje i gang eigne rekrutteringskampanjar for å få tak i førskulelærarar. Det har kommunen gjort med hell overfor andre yrkesgrupper tidlegare.

Men sjukepleiarar fekk dei...

- Her i kommunen har me tidlegare hatt rekrutteringsplanar for å få tak i sjukepleiarar. Slik eg har forstått det er dei no på plass. Sjukepleiarane er der. Kan hende det no er førskulelærarar ein no må ha tiltak for å få på plass.

Det er tankar kommunalsjefen er villig til å ta tak i.

- Vi vil reise til høgskulen i Sogndal for å vise oss fram og syne at vi har eit spanande miljø i Balestrand. Og så tenker eg at vi må få nasjonale styringssignal som gir betre arbeidsvilkår i barnehagen, seier Rønnestad.