Hopp til innhold

Spydde ut e-postar

Ein e-post send ut av dagleg leiar i Reisemål Sunnfjord, Tom Farsund, kopierte seg i rekordfart tysdag.

Tom Farsund
Foto: NRK

På grunn av ein feil hjå ein av mottakarane vart det sendt ut fleire hundre kopiar av e-posten. Farsund kan berre beklage det som skjedde.

 

- Heilt kriminelt

- Eg gjorde som eg ofte gjer, sette saman ei gruppe av vener, bekjente og kontaktar, ikkje minst presse og spreidde den glade bodskapen om eit nytt arrangement som heiter Heil kriminelt - sunnfjordske krimdagar, og då var det heilt kriminelt kor den e-posten har starta å formeire seg, folk får ha i hundrevis, for ikkje å seie tusenvis.

Travel kveld

Det var rundt klokka tre tysdag ettermiddag at den første e-posten med informasjonen frå Reisemål Sunnfjord vart send. Men det stoppa dessverre ikkje der. E-posten vart sendt ut av Tom Farsund til vel 50 mottakarar, ein av dei NRK Sogn og Fjordane. Ved 22-tida hadde det kome inn nærare 200 e-postar til kvar av mottakarane, og det heldt fram utover kvelden. Og Farsund fekk ein travel kveld med å svare på alle spørsmåla frå dei som fekk e-posten.

- Dei ringde for å gi meg beskjed, sjølvsagt. Folk forstod fort at det var eit dataproblem, og at det ikkje var eg som sat og sende i hundrevis av same mailen omatt. Det er rett nok eit flott arrangement, men det er ikkje slik det skal føregå.

Feil hjå ein mottakar

Reisemål Sunnfjord har e-post-konto hjå PS Wincom i Florø. Men systemkonsulent Bjørn Otto Vassbotn seier feilen ligg på datamaskina til ein av mottakarane av e-posten.

- Den serveren tek til å sende mailen på ny til alle mottakarane, gong på gong, heilt til han blir stoppa. Det som må skje er at serverer må takast av internett.