Dei to er tiltalte for mellom anna grovt utbyteheleri, seier aktor Anna Haugmoen Karlsen.
Store summar
Lovbrotet er at aksjar verde vel 21 millionar kroner vart overførde til familien, då Jarle Kvalheim som eigar i OK Fish selde selskapet sine to oppdrettskonsesjonar til Pan Fish i desember 2000. Salssummen vart oppgitt til 60 millionar kroner, medan den reelle kjøpesummen var på over 80 millionar kroner.
Verdiane vart ifølgje Økokrim gøymde bort i selskapet til Per Ingvoldstad, som er svoger til Jarle Kvalheim, men dei var øyremerka ekskona og to felles born. Ekskona er også tiltalt for å ha forfalska 99 fakturaer som kunne gitt OK Fish skattefordeler for til saman 52 millionar kroner.
- Vi legg til grunn at forholdet er grovt, det er tale om store summar her, seier Karlsen.
- Urimeleg påstand
Forsvararane Hege Ersdal og Per Stordrange ba i Indre Follo Tingrett om full frifinning, og seier aktor sin påstand om tre år i fengsel for Kari Kvalheim og to år og fire månadar for Per Ingvolstad, er heilt urimeleg.
- Utgangspunktet er feil, desse to har ikkje medverka til dei straffbare forholda som Jarle Kvalheim er dømd for. Dei har vore brukte av han, instrument for han. Ingen kjenner seg igjen i den verkelegheitsskildringa det her er tale om. Vi meiner Økokrim har eit svært tynt grunnlag, seier Stordrange.
Dom i saka er venta 13 mars.