NRK Meny
Normal

Spente, men ikkje nervøse før landsfinalen

Laurdag kveld kan du benke deg framfor TV-apparatet og sjå korleis det går. Ikkje med Norge i Eurovisjonsfinalen, men med laget frå Sogn og Fjordane i landsfinalen i Klassequizen.

SOGN OG FJORDANE: Førde ungdomsskule

KLARE TIL DYST: Pål Erik Flølo, Ingrid Bolstad og Jenny Heggheim Myklebust før avspark i landsfinalen.

Foto: Kaja Figenschou / NRK

For etter å ha danka ut 33 andre skular i Sogn og Fjordane har laget frå Førde ungdomsskule teke turen til Oslo for å måle kunnskap med 10. klassingar frå dei 18 andre fylka i landet.

Finalen blir send på NRK1 frå klokka 19.55 laurdag. Opptaka er gjort, slik at dei impliserte veit korleis det gjekk, men det gjer ikkje alle vi andre

– Ikkje nervøs i det heile

Dei tre som utgjer laget til Førde ungdomsskule er Pål Erik Flølo, Ingrid Bolstad og Jenny Heggheim Myklebust. Før opptaka tok NRK ein prat med dei, og eit naturleg spørsmål var om dei var nervøse.

– Vi er eigentleg ganske rolege. Det er litt overraskande, men eg er ikkje nervøs i det heile. Eg er gjerne meir nervøs dagen før, men rett før er det berre: No skal vi gjere dette, det går sikkert fint, seier Jenny.

Førde ungdomsskule vann Klassequizen i Sogn og Fjordane

VANN FYLKESFINALEN: Laget frå Førde ungdomsskule saman med quizmaster Geir Bjarte Hjetland etter å ha gått til topps i fylkesfinalen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Ikkje blitt kjend med ei sjel

– Er det noko meir de kan øve på no?

– Eg prøver litt, det var eit par ting eg lurte på, nokre fakta om Finland, mellom anna valutaen, men så kom eg på at det er euro, seier Ingrid.

Pål Erik er heller ikkje av dei som bryt saman av nervøsitet.

– Det går fint, eg driv og snappar med folk og kosar meg, eigentleg.

– Er du blitt kjend med nokon av dei andre deltakarane?

– Eg er ikkje blitt kjend med ei sjel.

Han har fått i oppgåve frå jentene på laget å pugge alle hovudstadene i Afrika og meiner han har fått så nokolunde kontroll på det.

Tippar sjuandeplass

Ingrid røpar at ho kan ein del om mytologi og medisin, og konklusjonen er at dei tre til saman er eit allsidig lag. Men dei har ikkje tru på at dei går heilt til topps.

– Eg trur vi endar på sjuandeplass, tippar Jenny.

– Men de er vel her for å vinne?

Ja, men vi må ikkje høyrast altfor oppesen ut, seier Jenny, medan Pål Erik er litt meir offensiv:

– Vi går for gull.

Vegopning på Bergum i Førde kommune