Hopp til innhold

Rekordpåmelding til Klassequizen

I alt 33 skular i Sogn og Fjordane har meldt seg på til kunnskapstevlinga Klassequizen 2016.

Vinnarane frå Olden skule

I år var det Olden skule som vann fylkesfinalen i Klassequizen. Frå v. Marcus Vangberg, Otelie Auflem Tenden og Peder Skåden.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Det er to skular meir enn i år, då 31 av 46 ungdomsskular i fylket var med.

Det er fjerde gongen NRK Sogn og Fjordane tek turen rundt til skarpskodde 10. klassingar for å stille meir eller mindre intrikate spørsmål. Første året var 26 skular med, andre året 30, tredje året 31, og altså 33 skular i tevlinga som startar 6. januar 2016.

Med andre ord har talet på skular auka for kvart år.

Og den som skal køyre rundt til dei 33 skulane er Geir Bjarte Hjetland. Han skal stille 12 spørsmål til dei tre elevane som skal representere kvar sin skule. Opptaka av quizen blir sende i morgon- og ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane.

Geir Bjarte Hjetland

GLER SEG: Geir Bjarte Hjetland blir quizmaster.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Blir veldig kjekt

Hjetland ser fram til oppgåva.

– Eg gler meg veldig til å reise rundt i fylket og møte ivrige og flinke 10. klassingar. Eg trur dette blir veldig kjekt, seier Hjetland.

Quiz i ulike former og fasongar er den store lidenskapen til Hjetland, men det er første gongen han skal spørje ut så unge deltakarar.

Dei laga som får best poengsum i den innleiande runden møtest til fylkesfinale i mars månad, og vinnaren der skal representere Sogn og Fjordane i landsfinalen, som blir send på TV – på NRK1 den 14. mai.

I år var det Olden skule som vann fylkesfinalen, i fjor var det Davik oppvekst som gjekk til topps, og det første året var det Førde ungdomsskule som fekk representere fylket vårt i landsfinalen.

Påmelde skular

Skei skule – Jølster kommune
Hornindal skule – Hornindal kommune
Davik oppvekst – Bremanger kommune
Byrknes skule – Gulen kommune
Vågsøy ungdomsskule – Vågsøy kommune
Fjaler ungdomsskule – Fjaler kommune
Feios skule – Vik kommune
Kaupanger skule – Sogndal kommune
Halbrend skule – Førde kommune
Lavik skule – Høyanger kommune
Tangen skule – Årdal kommune
Dalsøyra skule – Gulen kommune
Hauge skule – Bremanger kommune
Eivindvik skule – Gulen kommune

Gloppen ungdomsskule – Gloppen kommune
Kvåle skule – Sogndal kommune
Hyllestad skule – Hyllestad kommune
Askvoll skule – Askvoll kommune
Eid ungdomsskule – Eid kommune
Flatbygdi skule – Vik kommune
Leikanger ungdomsskule – Leikanger kommune
Farnes skule – Årdal kommune
Aurland barne- og ungdomsskule – Aurland kommune
Olden skule – Stryn kommune
Vassenden skule – Jølster kommune
Stryn ungdomsskule – Stryn kommune
Solund barne- og ungdomsskule – Solund kommune
Naustdal barne- og ungdomsskule – Naustdal kommune
Flora ungdomsskule – Flora kommune
Førde ungdomsskule – Førde kommune
Luster ungdomsskule – Luster kommune
Sande skule – Gaular kommune

Svelgen oppvekst - Bremanger