Hopp til innhold

Spent stemning medan stemmene vert talde opp

Ein trur på historisk godt val, ein har framleis håp etter nedslåande meiningsmålingar, og den tredje kryssar fingrane for utjamningsmandat.

Stortingsval 2013

OPPTELJING: Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, organiserer stemmeteljinga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

No er stemmeteljinga i gang over heile landet, også i Sogndal.

Ein av dei spente som i kveld har møtt opp til valvake på Lægreidspuben i Sogndal er Ivar Slinde, kommunestyrerepresentant for Sogndal Senterparti.

– Eg er veldig spent. Det ser ut som det er ein blå vind over landet, så vi slepp vel ikkje unna den her i fylket heller, seier Slinde.

Har trua på Navarsete

Ivar Slinde, Sogndal senterparti

HAR HÅP: Ivar Slinde i Sogndal Senterparti håpar på godt resultat, trass negative meiningsmålingar for Senterpartiet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Hans eige parti har derimot fått nedslåande meiningsmålingar fram mot valet, men likevel har Slinde håp.

– Kamplysta vert endå større, så det motiverer til å berre stå på heilt ut, og det føler eg at vi har gjort. Vi håpar at vi skal slå resultatet frå sist gong, helst over det også, men det vert spennande uansett, seier han.

Slinde har også tru på at partileiar Liv Signe Navarsete vil få plass på tinget.

– Eg trur nok ho kjem inn, men det vert spennande. Vi er tradisjonelt eit godt Senterparti-fylke her i Sogn og Fjordane, så det skulle overraska meg mykje om ho ikkje kjem inn.

Trur på historisk Høgre-resultat

Arnt Hovland Munthe, medlem i Sogndal Høgre, trur hans eige parti vil gjere det betre enn nokon sinne, noko som også er spådd før stemmene er talde opp.

– Eg trur Høgre får eit historisk godt val, sjølv om vi ikkje kjem opp mot dei Gallup-tala ein hadde tidlegare i sommar og i fjor haust. Men kjem vi ut mellom 27 og 28 prosent er eit brakval for Høgre om ein ser på førre val i 2009.

Likevel ser Munthe at det kan bli utfordringar dersom det vert regjeringsskifte.

– Det er kanskje no arbeidet begynner. Sjølv om det skulle bli fleirtal er det ikkje nokon enkel jobb å få sydd saman ei styringsdyktig regjering, seier han.

(Saka held fram under biletet)

Stortingsval 2013 i Sogndal

BORGARLEG STEMNING I SOGNDAL: Frå venstre: Hans Haugen, leiar i Sogndal Venstre, Arnt Hovland Munthe, Sogndal Høgre, Øistein Sørensen, Sogndal Høgre, Einar Vatlestad, leiar i Sogndal Høgre, Claus Kvamme, Sogndal Høgre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Klart det er spennande

– No har vi ei regjering med tre parti som det sprikar litt mellom, og om det då skal bli fire vil det nok ikkje sprike nok mindre. Det vil nok vere ei stor utfordring, men eg trur Erna Solberg har gode evner til å få snikra saman eit lag og har tillit nok til at ho kan samle troppane.

Men han er ikkje i tvil om at det er på tide med eit skifte, og er spent på resultata som vil komme utover kvelden eller natta.

– Det er klart det er spennande. Det er som all konkurranse. Har ein moglegheit til å vinne så er det ekstra bra, seier Munthe.

Håpar på utjamningsmandatet

For Venstre-leiar i Sogndal, Hans Haugen, er det utjamningsmandatet som er det mest spennande.

– Vi forventar at Sveinung Rotevatn skal få utjamningsmandatet, og gjere ein god jobb på Stortinget dei neste fire åra, seier han.

– De har gjort det godt på målingar i det siste, kva betyr det?

– Det er klart det inspirerer å ha gode målingar, men han er ein fyr som også inspirerer meg elles. Han har gode talegåver og er godt inne i politikken. Han vil vere ein utmerkt representant for Sogn og Fjordane som vil gjere mykje godt for fylket framover.