Via sosiale medium som Facebook, Twitter og Instagram vil NRK Sogn og Fjordane leggje ut stort og smått frå valnatta.
– Samstundes inviterer vi lesarar og lyttarar til å delta aktivt med kommentarar til det som skjer, anten det er på Twitter eller Facebook, seier ansvarleg for sosiale medier i NRK Sogn og Fjordane, Geir Bjarte Hjetland.
I tillegg har vi ei fototevling i kveld, der vi rett og slett oppmodar folk om å sende inn bilete med temaet "Slik er vår / min valkveld".
– Det kan vere alt frå at du har benka deg framfor TV-skjermen med eit glas med noko godt i, eller du rett og slett prioriterer heilt andre ting, seier Hjetland.
Slik deltek du i tevlinga:
- Post bilete på Instagram med taggane #nrksf og #nrkvalg
- Post bilete på NRK Sogn og Fjordane si Facebook-side. Tagg dei med #nrksf og #nrkvalg
– Vi vonar at flest mogleg blir med og følgjer oss i kveld, både her på NRK.no, på vår direkte radiosending på P1 og på sosiale medier. Det blir eit spennande val, også for oss her i Sogn og Fjordane, seier Geir Bjarte Hjetland.