Hopp til innhold

Sparka ut av nominasjonsnemnda

Finn Ove Njøsen i Førde Høgre la ut ei melding på Facebook der han uttrykte støtte til Jacob Nødseth. No er Njøsen kasta ut av nominasjonsnemnda i partiet.

Finn Ove Njøsen

SPARKA UT: Finn Ove Njøsen er sparka ut av nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det kan verke som det enno ikkje har roa seg i Sogn og Fjordane Høgre etter at Jacob Nødseth-saka såg dagens lys. Det har storma rundt den 24 år gamle Høgre-politikaren, mellom anna etter personkonflikta mellom han og leiaren i Unge Høgre, Embla Belsvik.

Finn Ove Njøsen i Førde Høgre skal på nettsamfunnet Facebook ha uttrykt støtte til Nødseth. Njøsen skal også ha kritisert behandlinga 24-åringen har fått i partiet. No er han sparka ut av nominasjonsnemnda.

– Det styggaste eg har sett

Sist torsdag hadde fylkesstyret i Høgre eit ekstraordinært styremøte over telefon. Her diskuterte dei kor vidt Finn Ove Njøsen, som sit i nominasjonsnemnda i partiet, skulle fjernast frå sitt verv i nemnda.

Etter det NRK kjenner til var bakgrunnen for møtet at sentrale personar i partiet reagerte kraftig på noko Njøsen hadde lagt ut på Facebook.

Her siterte Njøsen eit innlegg som Ap-politikaren Harry Mowatt hadde skrive på nettsamfunnet Origo. Mowatt gjekk i sitt innlegg kraftig ut mot behandling Jacob Nødseth har fått i partiet.

I sitt innlegg på Facebook skreiv Njøsen følgjande:

Dette er definivt det styggaste eg har sett etter å ha drive lokalpolitikk her i fylket sidan midten av 70-talet. Generalsekretæren i eit leiande parti går offentleg til frontalangrep på ein talentfull ungdomspolitikar som inntil nyleg har vore vist stor tillit både lokalt, regionalt og nasjonalt. Eg registrerer at hr. generalsekretær nærmast ber unge Nødseth forlate partiet.

Finn Ove Njøsen i innlegg på Facebook

Måtte orsake uttaler mot partifellar

Politikaren Jacob Nødseth har den siste tida sett sina i kok hos mange partifellar i Høgre. Det som starta med ein personalkonflikt med leiaren i Unge Høgre, Embla Belsvik, har blitt stadig meir tilspissa.

Nødseth vart for kort tid sidan sparka frå jobben som politisk rådgjevar for Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen. Fylkesleiar Arve Mjømen har også sagt at Nødseth manglar litt på dømmekrafta og ikkje bør nominerast til stortingsplass for partiet.

På ein pressekonferanse nyleg signaliserte Nødseth mistillit mot enkelte partifeller.

Dette førte til at generalsekretæren i Høgre, Lars Arne Ryssdal, gav 24-åringen frå Florø eit ultimatum . Enten måtte han erklære at han har tillit til partifellene, eller så måtte han forlate partiet.

Etter eit oppvaskmøte valde Nødseth å orsaka kritikken han retta mot partifellene i Høgre.

Fleirtalet ville ha Njøsen ut

Men saka verkar likevel ikkje å vere ute av verda. Dei sentrale personane i partiet som reagerte på Njøsen sitt innlegg på Facebook, skal ha bede nominasjonsnemnda om tilbakemeldingar. Dei skal då ha fått beskjed om at fleirtalet i nominasjonsnemnda meinte Njøsen skulle sparkast.

På det ekstraordinære styremøtet sist torsdag bestemte fylkesstyret seg for å kaste Njøsen ut av nominasjonsnemnda. Men dette var ikkje einstemmig.

Kjelder NRK har snakka med meiner ein sentral person i partiet har utnytta Nødseth-saka for å kvitte seg med Njøsen.

Karl-Eric Melander i Førde Høgre har no fått i oppgåve å finne ein ny kandidat til nominasjonsnemnda. Ei oppgåve han er usikker på om dei vil gjennomføre.

– Finn Ove Njøsen var vår mann. Det må diskuterast korleis vi skal stille oss til dette, seier Melander til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arve Mjømen

MANGLAR TILLIT: Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, seier Finn Ove Njøsen ikkje lenger har den nødvendige tilliten til å vere del av nominasjonsnemnda.

Foto: Høgre

– Har ikkje den nødvendige tilliten

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, er ikkje samd i at Njøsen er sparka ut for ingenting.

– Nei, det vil eg absolutt tilbakevise.

– Nominasjonskomiteen har med soleklart fleirtal, med tre fjerdedels fleirtal, meint at Njøsen ikkje har den nødvendige tilliten til å halde fram i nemnda, seier Mjømen til NRK.no.

– Aksepterer det

Overfor avisa Firda stadfestar Finn Ove Njøsen at han er kasta ut av nominasjonsnemnda.

Njøsen seier til avisa at han dels blir kritisert for å ha linka opp Mowatt-kommentaren, og dels for ei uromelding han tidlegare har sendt til Høgre sin generalsekretær.

– Eg aksepterer at dei tek med ut av nemnda, men eg undrar meg over argumentasjonen om at eg ikkje skal vere nøytral. Alle i ei nominasjonsnemnd har ein agenda, det er mellom anna difor den geografiske samansetninga er så viktig, seier Njøsen til avisa Firda.