Bolstad var rådgjevar for Nødseth

Helse Førde-direktør Jon Bolstad var måndag med som rådgjevar for Jacob Nødset på eit oppvaskmøte i Høgre. Bolstad seier han var med på møtet av mellommenneskelege omsyn.

Jon Bolstad

MENNESKELEGE OMSYN: Skal vere årsaka til at Jon Bolstad tok på seg rolla som rådgjevar for Jacob Nødseth.

Foto: Bård Siem / NRK

Det var mange som sperra opp auga då det vart kjent at det var Helse Førde-toppen Jon Bolstad som var med som rådgjevar for Høgre-politikaren Jacob Nødseth i går.

Det har storma rundt Nødseth i det siste og i går var altså leiinga i Sogn og Fjordane Høgre samla for eit oppvaskmøte med Flora-politikaren.

Til NRK seier Bolstad at han ikkje var med for å gå inn i konflikten.

– Eg fekk ein førespurnad kort tid før møtet om eg kunne vere med han, og det handlar meir om menneskelege grunnar enn det handlar om sakene, seier Bolstad til NRK.no.

Difor har det storma rundt Nødseth

Til stades på møtet i går var mellom anna fylkesleiar Arve Mjømen i Sogn og Fjordane Høgre og ein representant frå partiet sentralt.

Oppvaskmøtet kom i stand etter at Nødseth har sett sinna i kok hos partifellar i Høgre. Den lokale striden rundt 24-åringen starta med ein personalkonflikt med Embla Belsvik i Unge Høgre og har i det siste blitt stadig meir tilspissa.

Nyleg heldt Nødseth ein privat pressekonferanse der han signaliserte mistillit mot enkelte partifellar. Han fekk også sparken som ordførar Bengt Solheim-Olsen sin politiske rådgjevar.

Generalsekretær i Høgre, Lars Arne Ryssdal, reagerer sterkt og kravde overfor Firda at Nødseth trekkjer attende utsegnene eller trekkjer seg frå partiet.

Nødseth har fått støtte frå partifellar både frå Førde og Flora. Mellom anna meiner ein kollega i Flora Høgre at Nødseth blir utsett for ein svertekampanje.

Nødseth la seg langflat

Bolstad deltok på møtet for å prøve å kome fram til fredsløysing mellom partane, og ei løysing vart det.

Jakob Nødseth beklaga i går dei krasse utfalla mot ulike partifellar.

– Eg vil vere tydeleg på at eg har tillit til leiaren i Florø høgre (Vidar Grønnevik, red. anm.), fylkesleiar i Sogn og Fjordane (Arve Mjømen, red. anm.) og gruppeleiaren i Flora Høgre (Bjørn Hollevik red. anm.). Det er viktig at vi i politikken har tydeleg leiing for alle, inkludert meg sjølv, sa Nødseth til NRK.no etter møtet.

Sjølv er Nødseth glad for hjelpa han har fått frå Bolstad.

– I denne saka opplevde eg at Jon Bolstad, som vanleg, opptredde på ein ryddig og grei måte. Eg synst det var nyttig å ha nokon å konferere med, som det alltid er, seier Nødseth til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jacob Nødseth og Jon Bolstad.

MØTE: Jacob Nødseth og rådgjevaren hans Jon Bolstad var måndag i møte med leiinga i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Fotomontasje: Bård Siem (NRK)

Vedgår at han ikkje burde engasjere seg

På spørsmål til Bolstad om han som toppsjef i Helse Førde bør engasjer seg i denne type saker, svarar han følgjande.

– Nei, det bør eg i utgangspunktet ikkje gjere.

– Men dette var ein litt spesiell situasjon, der eg oppfatta at ein her ber meg om å stille opp med nokre rammer for deltakinga som eg var heilt tydeleg på, seier Bolstad.

Han viser til at desse rammene også vart klart signalisert på møte.

– Mi rolle var ikkje å gå inn i konflikten, men det var andre grunnar til at Nødseth ville ha med seg ein person.

Fylkesleiar Arve Mjømen hadde ingen problem med at Bolstad deltok på møte. Mjømen er glad Nødseth kom med ei skikkeleg orsaking.

– Eg må rett og slett seie at dette har vore eit godt møte, seier Mjømen til NRK.no.