Sp framleis størst i Jølster

Senterpartiet går tilbake, men er framleis det største partiet i Jølster.

Jølstravatnet
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Førebelse oppteljingar viser at Senterpartiet framleis held stand i Jølster. Med ein tilbakegang på to prosentpoeng får partiet ein oppslutnad på 31,8 prosentpoeng.

Høgre er det partiet som går mest fram. Partiet går fram 4,9 prosentpoeng frå førre kommuneval og får 13,5 prosentpoeng. Med det får Høgre tre representantar i kommunestyret, mot to tidlegare.

KrF og Frp går også tilbake, medan Arbeidarpartiet, Venstre og SV går litt fram.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.