Hopp til innhold

Sortland kopierte Longva

Arbeidarpartiet fekk 46,1 prosent av røystene ved kommunevalet i Høyanger. Det er 0,1 prosentpoeng fram frå kommunevalet i 2007.

Kjartan Longva og Petter Sortland

Kjartan Longva (t.v.)gratulerer Petter Sortland med 46,1 prosent.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det betyr at den nye ordførarkandidaten til Ap, Petter Sortland, får ein blåkopi av resultatet Kjartan Longva fekk for fire år sidan, faktisk 0,1 prosentpoeng betre enn veteranen med 16 år i ordførarstolen.

– Gledeleg tidel

– Den tidelen gledde meg som gamal idrettsutøvar. At partiet med meg som fersk politikar på topp skal få same oppslutnaden som Kjartan Longva fekk etter 12 år i stolen er stort.

– Eitkvart har han lært

Og Longva er snar med å gratulere arvtakaren:

– Eg hadde 977 røyster og han har fått 978, ei meir enn meg. Nei, eg får no gratulere han med resultatet, eg hadde ikkje trudd han skulle få så mykje.

– Ikkje så verst av ein debutant?

– Nei, no blir han rekna som debutant, men han og eg har jobba saman sidan 1995, så eitkvart har han vel lært.

– God og stødig politikk

– Kva trur du er grunnen til dette resultatet, Sortland?

– Det skuldast nok heilt klart partiet eg representerer og den jobben som Ap og Kjartan har gjort i fire periodar der vi har lege på over 40 prosent, og det har vore ført ein stødig og god politikk for Høyanger, og det skal vi halde fram med.

Søkjer samarbeid med Raudt

– Vi har rett nok ikkje reint fleirtal, men eg håpar at dei andre partia lyttar til veljarane og er med på å gje ordførarklubba til det partiet som har fått så stor oppslutnad. Det er mest naturleg for oss å først søkje samarbeid med Raudt, som har to mandat.

Her er resultatet frå kommunevalet i Høyanger .

Partiet får 10 av dei 21 mandata, og det er nokså sikkert at Sortland kan overta ordførarklubba.